Posts Tagged ‘youtube’

RIP: A Remix Manifesto

Posted in Uncategorized on May 16th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

I går såg eg filmen RIP: A Remix Manifesto (imdb), som går for å vera ein morsom dokumentar om opphavsrett. Og det er den, i tillegg til at problemer og argument blir veldig klart og tydeleg presentert. Lawrence Lessig, som eg tidlegare har lese, er også med i filmen.

Filmen handlar ein del om mashup-videoar, og eg kom dermed over ein bra ein som eg ikkje hadde sett før. George W. Bush slik vi gjerne ville hørt han:

Alt er utruleg, men ingen er nøgde

Posted in notis on April 24th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eg kom over denne fantastiske kommentaren om kor fort vi blir blaserte i høve til teknologi:

Ruggesteinen som ikkje rugga

Posted in petit on April 2nd, 2009 by Mads (admin) – 6 Comments

Eg hørte på programmet til Atle Antonsen og Johan Golden, der dei mellom anna nevnte eit lokalt TV-innslag frå sørlandet om ein ruggestein som ikkje rugga lenger. Ein meinte det var sabotasje, men så rugga han visst likevel—det var berre litt mindre enn før.

Det første som slo meg var at det er ein svært underleg ting å vera oppteken av steinar som ruggar—sjølv om det er snakk om ein av dei største i sitt slag (for ordens skuld er det ikkje ein ruggestein dersom han ikkje kan ruggast av ein person åleine).

Men så tenkte eg at det er jo fint at nokon kan sette pris på steinar som ruggar. Nokre få i alle fall. For dersom det vart for populært ville jo folk ta til med å lage sine eigne ruggesteinar—til å ha i hagen og slikt—og då ville vi hatt det gåande.

+ (03.04.09) Eg kom også over dette heilt fantastiske ruggestein-innslaget:

+ Og her er jammen også det nevnte ruggestein-innslaget:

Ikkje få angst! Det er berre jazz.

Posted in Uncategorized on February 22nd, 2009 by Mads (admin) – 2 Comments

Mange får panikkangst når dei høyrer snakk om instrumental saksofonmusikk. Dei kan eg ikkje hjelpe, men Håkon Kornstad spelar ein ondskapsfull sax, og han har eit album liggande uteSpotify med ein dritkul versjon av Crying in the Rain. Den fins ikkje på YouTube, men her er eit kult soloopptak av ein annan komposisjon frå same album, Sweden:

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=mo3jLp8Rj0g]

Kvifor fins det ikkje gode podkastar?

Posted in Uncategorized on December 22nd, 2008 by Mads (admin) – Be the first to comment

Burde det ikkje vore ein og annan amatør i Norge som kunne lage ein god podcast?

zoomar@flickr (cc)

foto: zoomar@flickr (cc)

EG LYTTAR GJERNE til podkastar når eg sit på bussen, eller i grunnen kor som helst. NRK har eit ypperleg podkast-tilbod, som nyleg vart mykje betre, av di dei no også har lov til å podkaste musikk. Det er ei stor forbetring, for det er mange interessante musikkprogram som ikkje har vore tilgjengelege.

UTANFOR DEI STORE medieinstitusjonane og radiokanalane, som BBC, NPR og liknande, så er det imidlertid tynt i rekkene av kvalitetsmateriale. Det fins fleire nettstader som prøver å katalogisere eller rangere amatørpodcastar, men stort sett er kvaliteten ræva, sjølv på topp ti. Utanfor dei statlege institusjonane er det følgeleg  framleis tradisjonelle radioprogram som rular. Til dømes P4 sin Misjonen med Antonsen og Golden, eller Hardcore — spelprogrammet til SRIB.

AV HEDERLEGE UNNTAK må eg nevne Skeptoid av Brian Dunning. Dette er ein, riktignok utanlandsk, kvalitetsproduksjon som tar for seg myter og overtru på ein interessant og underholdande måte. Dunning har også laga ein gratis film — Here Be Dragons. Eg skal vera ærleg og seie at eg ikkje gidd leite mykje etter podkastar, men til no har eg ikkje komme over ein einaste god norsk amatørpodkast.

DET FINS faktisk også litt originale måtar å bruke teknologien på, til dømes slik som Last.fm gjer. Sida har stadig meir musikk tilgjengeleg for gratis nedlasting, og med utgongspunkt i denne musikken, samt data om kva du ellers lyttar til, lagar Last.fm ein personleg musikk-podcast for deg (linken funkar kun når du er innlogga). Ganske fiffig.

ELLERS HAR EG INNTRYKK av at rein lydpodcasting kun i liten grad oppnådd eit slikt amatørmiljø som blogging eller til dømes videopodcasting (på YouTube), der brukarar svarar på kvarandre sine videoar og debatterer ulike tema. I prinsippet er jo denne typen amatørvideoar på YouTube gjerne berre eitt uredigert bilete av trynet til personen som snakkar, så det er ikkje prinsipielt ulikt lydpodcasting, men kanskje hakket meir engasjerande, av di ein ikkje kjenner seg heilt anonym — sjå til dømes denne videoen.

Det er kanskje ikkje så mange som høyrer på podkastar? Er det det?