Patentsøknad: Snåsabilen
Posted in Uncategorized on March 10th, 2009 by Mads (admin) – 7 CommentsPatentstyret
Postboks 8160 Dep.
0033 Oslo
Mads Iversen
Sparebanksgaten 44
5017 Bergen
Eg søker herved patent på produktet «Snåsabilen».

Arbeidsteikning, Snåsabilen
PRODUKTSKILDRING: Privatbil som går på «snåsakraft», jfr. Kolloen (2008)
MÅLGRUPPE: Det er ein forutsetnad av brukar har «varme hender», men kven har ikkje det no til dags?
VIRKEMÅTE: Energien vert fanga opp frå hendene via eit væskefylt ratt som er kopla saman med eit pumpesystem med turbin og generator—etter same prinsipp som til dømes ein atomreaktor. Elektrisiteten som vert produsert går til ein elektromotor som driv bilen framover (sjå arbeidsteikning).
FORDELER:
- Bilen nyttar ei svært klimavennleg energikjelde.
- Han vil aldri få motortrøbbel grunna den konstant helbredande krafta, noko som medfører låge vedlikehaldskostnader.
- Ein slik bil vil vera tryggare i trafikken sidan du må halde begge hendene på rattet for at han skal virke (også ein god motivasjon for å skaffe hands-free).
ØVRIG POTENSIALE: Ein eventuell hybridmodell vil også ha drivstofftank for «snåsavatn».













DET FINS EIN ROSA ELEFANT. Han bur i Grong i Nord-Trøndelag, og er svaksynt. Brillene han brukar er magiske og kan kurere sjukdom.