Posts Tagged ‘skepsis’

VG promoterer pseudovitenskap

Posted in Uncategorized on December 11th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Dagens Obama-feber er i ferd med å gå over i bakrus for VG, som drit på draget med ein artikkel om grafologi.

- Hans intellektuelle kapasitet er utpreget. Han har fremragende overblikk og er så fleksibel i sin tankegang at han ikke tenker tradisjonell løsningstenkning. Tankegangen hans er selvstendig og original, sier grafolog og skriftekspert, Per F. Andersen, til VG Nett.

Den danske grafologen gir ut i fra håndskriften til Obama en analyse av Obamas personlighet.

Til orientering, VG, så stiller grafologi i klasse med astrologi; det er bullshit!

EDIT: Skepsis blog tar ein meir grundig torpedering.

Snåsavin med helsebringande effekt

Posted in kommentar on February 3rd, 2009 by Mads (admin) – 5 Comments

Å SELGE «SNÅSAVATN» på flaske er riktignok ein god idé, men eg har ein betre: «Snåsavin». Snåsamannen tar som kjent ikkje betalt for kunstane sine, og det å gjera vatn til vin må vera av det meir trivielle ein slik mirakelmann føretek seg. Ei enkel handspålegging kan her auke både helbredande effekt og pris per flaske dramatisk. Det skuffar meg at prosjekt som får støtte frå Innovasjon Norge ikkje eingong har utnytta desse opplagte moglegheitene. I tillegg bør prosjektet si reklameavdeling definitivt arrangere ei «happening» der Snåsamannen ifører seg kvit kjortel og spankulerer over Snåsavatnet.

Snåsamannen som helseminister. No!

Posted in Uncategorized on January 27th, 2009 by Mads (admin) – 3 Comments

vg

OKEI, SÅ KVA SYN møter meg då eg kjøper lunsj i butikken i dag? «Snåsamannen kurerte min sønn» over heile framsida av VG og eit fotografi av Bjarne Håkon Hanssen. Eg måtte sjå to-tre gonger, før eg begynte å le. Men eg burde grine—mannen er jo helseminister!

DÅ EG VAR LITEN snakka vi om kor rart det var å ha ein røykande helseminister, men røyking viser trass alt ikkje mangel på fagleg innsikt. Tru på healing tilsvarer derimot fagleg inkompetanse, og å reklamere for det i media er rett og slett fullstendig absurd.

PÅ DEN POSITIVE SIDA, så kom det faktisk endeleg ein kritisk artikkel—i alle fall til dels:

- Helseministeren forsøker å utnytte Snåsamannens popularitet for å gjøre seg selv bedre likt. (VG)

PERSONLEG TYKKJER EG denne mediestrategien minner litt om Jackass-konseptet: bli populær ved å ødelegge deg sjølv! Har han verkeleg ikkje spurt seg om det fins andre folkevalde som har blitt meir populære av å ringe «klarsynte»?

MED EIN SLIK HELSEMINISTER kunne like gjerne Snåsamannen sjølv hatt jobben—han er jo definitivt betre kvalifisert, sidan han ikkje tar betaling. Pakk sakene, Bjarne!

28.12.09: OG NO LURAR VG på om det svekkar helseministerens truverd at han ikkje støtta innføringa av røykelova? Hallo?

Ein rosa elefant i rommet (med kurerande krefter)

Posted in Uncategorized on January 8th, 2009 by Mads (admin) – 1 Comment

DET FINS EIN ROSA ELEFANT. Han bur i Grong i Nord-Trøndelag, og er svaksynt. Brillene han brukar er magiske og kan kurere sjukdom.

Oppgåve: Korleis går menneskeheita fram for å finne ut om dette kan stemme?

1. Kontrollert test.
2. Konspirasjonsteoriar, tåkelegging og vage, pseudovitskaplege forklaringar.

NÅR EG SER PÅ DESSE to alternativa kan eg ikkje unngå å tenke at det burde vera rimeleg enkelt å sjå kva som er lurast. Likevel er det påfallande mange som går på snørra og vel det siste, oftast under påskot av «at evnene er uforklarlege». La meg bruke eit døme frå ein liknande debatt.

«(…) vitenskapelige metoder slik vi kjenner de i dag er for snevre til at den kan bevise det vi kaller “uforklarlige hendelser”» —dineVibber

LA MEG FORMULERE dette litt enklare: «Vitskap kan ikkje bevise trolldom». Ingen sensasjonell påstand—det ligg liksom i ordet.

trolldom -men (norr trolldómr)
1 overnaturlig evne el. kraft øve t-

SÅ KJEM VI TIL DEN vesentlege nyansen som her skiller sakleg meiningsutveksling frå irrelevant avsporing. «Vitskap kan forklare det vi trur er trolldom».

Bokomslag

Bokomslag

VI KAN SKAFFE OSS systematisert kunnskap om effektene av det elefanten foretar seg. Det er ikkje eingong spesielt vanskeleg. Diverre nektar den rosa elefanten å la seg utsette for ein kontrollert test, sidan biografien hans sel så bra for tida.

BIOGRAFIEN TIL ELEFANTEN er skriven av ein kjend forfattar som påstår at han heile tida har vore skeptisk til brillene sine evner, og difor har skrive boka på ein mest mogleg nøktern måte (for ikkje å farge folk si oppfatting av det som hender). Riktignok har heller ikkje han teke initiativ til ein kontrollert test, men han har testa elefanten på ein kompis som har erfaring med bevis; ein advokat. Han var imidlertid ikkje sjuk sjølv, så elefanten måtte ty til eit korttriks, men det gjekk greit. Krava til bevis er ikkje så strenge i retten her til lands. Eit korttriks beviser det meste: vi har åpenbart med trolldom å gjera.

RELATERTE DEBATTINNLEGG:

Snåsamannen — vår tids Jesus

Posted in Uncategorized on November 9th, 2008 by Mads (admin) – 22 Comments

HEILE VERDA MI rasar saman for tida. Her har eg gått rundt og trudd at anekdotisk bevis ikkje er godt nok, og så kjem faen meg denne «Snåsamannen» — kven i helvete no det er — og kan fortelja at han har helbreda femti tusen. Og dette berre ved å ta på dei. Han gjer jo sjølvaste Jesus til skamme, og legestanden må berre labbe heim og spele på slurva — kven treng sju års høgare utdanning når det fins menn frå Snåsa som gjer same jobben utan å ha fullført grunnskulen? 2

SNÅSAMANNEN FUN FACT: Snåsamannen les ikkje bøker — han stirrar dei i senk til dei gir frå seg den informasjonen han treng.

NEVNTE EG forresten at han også har røntgensyn og kan spå? 2 No er det nok, altså! Fastlegen min er ferdig. Neste gong eg føler meg litt uggen kjører eg direkte til Snåsamannen i helikopter. Med blålys og sirener.

SNÅSAMANNEN FUN FACT: Snåsamannen kan eigentleg ikkje sjå inn i framtida — framtida må berre sjå til helvete å gjere som Snåsamannen seier.

NÅR SNÅSAMANNEN spår at forfattar Ingar Sletten Kolloen har ei hytte, og dette viser seg ikkje å vera tilfelle, sørgar Snåsamannen for at han får hytte. 1 Snåsamannen tar ikkje feil.

SNÅSAMANNEN FUN FACT: Snåsamannen røykte 15 kartongar med sigarettar om dagen i to år og fekk sju ulike typar kreft berre for å fjerne dei frå kroppen ved å ta på seg sjølv i tretti minutt.

DET ER EIT IMPONERANDE REKNESTYKKE. Snåsamannen er fødd i 1926 og har altså helbreda femti tusen. Det fins også mange han ikkje har helbreda (det står ikkje noko om korvidt han har prøvd, men la oss anta det). 2 Dersom han hadde hatt normalt arbeidsår (230 dagar) sidan han var tolv skulle dette i gjennomsnitt tilsvare over tre personar om dagen. Men han har vore gardbrukar og klokkar, ikkje lege. Tenk så mange fleire liv han kunne redda! Kvifor har ikkje staten pålagt denne mannen å praktisere som lege? Eg berre spør.

SNÅSAMANNEN FUN FACT: Spøkelser eksisterer berre som ein bieffekt av at Snåsamannen har oppholdt seg nær ein gravplass.

SNÅSAMANNEN SEIER at evnene blir borte dersom han tar seg betalt. Samtidig kan han fortelje at han har fått mange gåver — og det ser jo ikkje ut til å ha gjort nokon skade. Er det verkeleg berre eg som byrjar å legge to og to saman her? No er han pensjonist, men tenk berre på kor mange fleire liv han kunne redda dersom staten berre hadde gitt han litt pengar. Berre litt. I gåve kvar månad. Ein kan ikkje få meir for pengar enn dette. Men likevel, altså. Likevel er det altså ikkje ein.  Ikkje ein, av desse såkalla folkevalde langt der nede, i Oslogryta, som har løfta ein finger. Det er skandale! Og kvifor? Jau, for Snåsamannen, han kjem frå Snåsa, og det ligg nord for Sinsenkrysset. Eg blir så oppgitt.

1 TV-innslag om Snåsamannen
2 Artikkel om Snåsamannen

Andre kjelder:

PS: Eg klarte ikkje å spore opp nokon forskningsrapportar om Snåsamannen, eller artiklar som tilseier at forskning er blitt gjort, men eg reknar med at det skuldast min inkompetens, for kva slags forskar ville eigentleg skusle bort moglegheita til å vinne nobelprisen i medisin? Rart eg har hørt så lite om dette, eigentleg.

[Edit] PPS: Undre har forresten også fleire gode poeng om dette temaet.

+Ny artikkel (Dagbladet)

+TILLEGG: Sidan denne posten tydelegvis ikkje fungerte optimalt kan eg også henvise til eit meir generelt radio/podcast-program, som bør vera av interesse:

Skeptoid.com har også mange andre bra program.

RELATERT: