Predikanten og fuglemataren
Posted in Uncategorized on July 25th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to commentI dag såg eg to menneske som eg beit meg merke i. Den første var ein mann, ein austlending, som stod på Vågsallmenningen med mikrofon og forsterkar og prata til alle og ingen. Han meinte det var særs viktig at særleg barn fekk høyre om Jesus. Ikkje så mykje meir å seie om den saka. Personleg kunne eg ikkje vore meir ueinig, og det såg heller ikkje ut til at han fekk anna respons enn vantru frå dei forbipasserande. Då eg kom forbi litt seinare hadde nokre musikarar teke over showet, og predikanten var redusert til å samtale med folk på tomannshånd. Folk ville heller ha musikk. Tilbod og etterspørsel.
Den andre var ei eldre dame med ei stor, gråbrun kåpe, underskjørt og fargerike sokkar og ein knallraud sydvest i plast som ho hadde trukke godt ned i nakken. Ho stod med ryggen til meg og mata duene. Det er liksom alltid slik med folk som matar duene; dei står med ryggen mot alle oss andre og har ein masse klede på seg, gjerne parkasar og store plagg som får dei til å sjå ut som eit fillestativ, og så kastar dei brødsmular til måsar, duer, ender eller spurvar. Dei har sitt eige vesle samfunn å halde styr på der nede på asfalten.
Som regel har dei ein handlepose frå ein eller annan lavprisbutikk, noko som ganske sikkert indikerer at dei spesifikt handlar inn brød for å mate til duene (denne dama hadde to FirstPrice-posar ståande på asfalten). Eg tykkjer alltid det er eit litt urovekkande syn. På eit vis er det ei empatisk gjerning å mate byfuglane, men det vitnar også om andre, underliggande motivasjonar.
For oss som ikkje matar fuglane framstår det gjerne som lite gjennomtenkt. Dyra får det ikkje betre, dei blir fleire. Var dessutan hovudpoenget berre å mate fuglane kunne ein berre tømt alle brødsmulane på gata og blitt ferdig med det. Fuglematarar pleier imidlertid å halde lenge på maten, dele ut litt og litt, og vise særleg omtanke for svake individ ved å kaste mot dei. Med andre ord, å øve ein viss kontroll på kven som får godene. Tilbod og etterspørsel.



