Posts Tagged ‘reise’

Frå Paris i desember

Posted in bilete on December 31st, 2007 by Mads (admin) – Be the first to comment

SISTE VEKA før jul var eg i Paris, og hadde med meg fotografiapparat — førre gong eg vitja byen tok eg dette biletet, som resulterte i premie. Denne gongen vart det teke fire rullar fargefilm, og her kjem nokre bilete av tilfeldige folk.

DESEMBER i Paris er kaldt. Kaldare enn i Bergen i alle høve. Eg kan også rapportere om at franskmenn framleis ikkje har lært seg skilnaden mellom frukost og dessert.

Kort anekdote om ein gratistur på bussen

Posted in Uncategorized on December 7th, 2007 by Mads (admin) – Be the first to comment

EIN GONG følte eg at eg var havna inne i ei anekdote. Dette var ein periode eg gjekk på skule og pendla med båt, slik det kan hende ein må i grisgrendte strok her vest. Eg skulle ein tur til tannlegen etter skulen, men hadde jo håpa å nå båten likevel. Tannlegen var imidlertid eit kvarter forsinka, og då eg kom springande derifrå segla han sjølvsagt fint av stad utan meg — slikt skjer jo oss alle. Alternativ transport var ei ferje ein ti minutts busstur unna, men den gjekk ikkje før om halvannan time. Eg kjøpte meg ein Smil for humøret si skuld — skulle til å betale med kort, men brukte kontantar i staden — og sette meg på ein benk for å vente.

DÅ EG til slutt gjekk på bussen virka plutseleg ikkje busskortet mitt lenger. Irriterande nok ville eg hatt kontantar til å betale turen dersom det ikkje var for at eg hadde kjøpt den fordømte sjokoladen — det mangla berre nokre få kroner. Eg sprang mot minibanken, og hadde ikkje den dama stilt seg der medan eg kom springande ville eg hatt tid til å ta ut pengar likevel, men bussen rulla ut i det kortet rulla inn og eg visste eg hadde mist ferja.

EG TRUR aldri eg har vore så klar for å betale på bussen som eg var ein time seinare, men denne gongen fekk eg ikkje lov. Billettmaskina var øydelagd og eg og alle pengane mine måtte berre fint gå og setje oss utan billett. Då grein eg litt inni meg.

Her er ei anna anekdote, om ein togtur.

Ein kort tekst om kontekst

Posted in Uncategorized on November 24th, 2007 by Mads (admin) – 4 Comments

NÅR EG TAR BUSSEN irriterer eg meg stort over at augene mine stadig klistrar seg til desse digital posters-skjermane som heng overalt. Gjerne med annonser for kvakksalveri (eller “alternativmedisin”, for dei lettlurte) akkompagnert av bilete som skal illustrere velvære og lukke. Det har aldri vore så mange fotografi rundt oss som no, dei er snart meir vanlege å sjå enn sjølve verkelegheita. I alle fall kjennest det slik. Fotografiet er i kvardagen vorte eit ytterst flyktig medium, og då ikkje berre på bussen, men også i særleg grad på Internett. Den beste måten å presentere noko slikt som eit kunstfotografi, utan å kalle mitt fotografi over her for kunst (men det er i alle fall ikkje reklame), er nok å henge det opp på eit venterom, eller ein annan stad der nokon har tid til å sjå på det (den gjennomsnittlege betraktingstida for kvart verk i eit galleri er visstnok hårreisande kort). Kanskje helst ein stad der folk byrjar å lure på kvifor det heng. Det er ikkje det at eg aldri har lurt på det same når eg har vitja kunstgalleri, men det er jo først det blir ekte kunst.

I DET OFFENTLEGE BYROMMET gir tydelegvis folk blanke i det meste: for ei tid attende stilte ein av verdas mest anerkjende fiolinistar, Joshua Bell, seg opp og heldt konsert i morgonrushet i Washington D.C. — på ein ekte Stradivarius. Over tusen menneske passerte, sju stogga. Resultatet er ein interessant artikkel, med video av stuntet. Ville du ha stogga og hørt på i denne situasjonen?

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=hnOPu0_YWhw&rel=1]

EG SKAL DERIMOT ikkje seie at bussen er uegna for kunst — folk har jo gjerne eit par minutt til overs når dei sit på bussen, og det har jo hengt poesi der tidlegare, utan at han har gjort for mykje av seg. Nokon (det blir vel staten) burde teke affære og kjøpt opp reklameplassen til slike føremål. Ein buss kan fort bli eit rullande kunstgalleri med høge vitjingstal, noko som i sin tur kanskje ville fått fleire til å ta bussen (neppe, men kanskje). Reklame er irriterande uansett om det er på utsida eller innsida av bussen, eller andre stader for den saks skuld. Særleg den som kjem før filmen på kinoen (og aukar i omfang kvar gong billettane vert dyrare) — der kunne ein jo vist kortfilm i staden. Ein annan lur stad trur eg kan vera inne i heisar. For ikkje å snakke om på ferjer, der folk oppheld seg lenge, og det berre heng bilete av gamle båtar og siste nytt i pølser. Eg forstår ikkje kvifor ingen stiller ut på ei ferje — det skal i alle fall eg forsøke dersom eg har noko å stille ut ein gong.

I EI TID DET FOLK kan Grandiosa-sangen utanåt trur eg uansett det er på tide å ta ned all reklamen og kanskje stue han vekk i eit kunstgalleri, til dømes.

Fire foto frå Krakow

Posted in bilete on August 25th, 2007 by Mads (admin) – Be the first to comment

SIDAN EG HAR vore stille ei stund tillet eg meg å presentere fire bilete frå Krakow – ein by eg var positivt overraska over.

Bading med livet som innsats

Posted in petit on February 28th, 2007 by Mads (admin) – 1 Comment

I fjor sommar las eg Kafka on the shore av Haruki Murakami.

Eg hugsar nøyaktig når og kvar eg las boka. Storparten vart lesen om kvelden i eit telt – etter symjeturar i elva Aare utanfor Bern. Det var for øvrig intense symjeopplevingar; straumen er sterk, og ein norsk mann hadde drukna der ein månad tidlegare – overalt står det skilt om kor farleg det er å svømme der. Eit stykke nedover elva fann eg ein kveld ut kvifor det var så få folk som svømte der på den tida av døgeret – myggen ligg lågt over vassflata og sjølvsagt sette eg ein mygg av monsterkaliber i halsen.

Slik som eg hosta og harka ute i den strie straumen var det eit under at ingen av dei mange forbipasserande spontant kasta seg uti for å redde meg – skjønt det hadde dei vel neppe greidd uansett; det er nærast umogleg å navigere der. Ein kan vel trygt seie at det var ei pinleg affære, og eg vurderte jo om eg skulle vinke for å sei frå at eg hadde det bra, men så prøvde eg å sjå det for meg frå deira vinkel, og fann ut at det kanskje ikkje var så lurt. Resten av strekket svømte eg på rygg, for å seia det slik.

Det er kanskje noko med det å lese bøker på nye stader som får ein til å hugse det som ei god oppleving, særleg dersom det er ei god bok, sjølvsagt. Og denne boka fekk meg også til å setje pris på eit musikkstykke. Boka refererer til både Beethoven og Haydn, som eg kjente frå før mest gjennom symfoniane deira, men denne “Archduke”-trioen til Beethoven, som går att i boka hadde eg ikkje noko forhold til. Eg likar å følge kulturelle referansar, difor skaffa eg meg denne, som truleg er ein av Murakami sine eigne favorittar, og eg må seie at den gav boka endå ein dimensjon. Det kjennest så bra når ting heng saman.