Posts Tagged ‘politikk’

For mange politiske parti?

Posted in Uncategorized on August 29th, 2009 by Mads (admin) – 3 Comments

Pål Veiden skriv «La de små dø» i vekas Morgenbladet, og siktar til dei marginale politiske partia. Det slår meg at eg òg meinar eit parti berre for pensjonistar ikkje burde ha livets rett. På ei anna side så er det jo noko som heiter Arbeiderpartiet, og kvifor skal det vera så mykje mindre idiotisk enn Pensjonistpartiet? Og kva for eitt av dei to skal forresten dei arbeidsledige og uføretrygda stemme på?

Dessutan lo eg godt første gong eg hørte om Kystpartiet. Eit parti berre for kysten! Kor idiotisk er ikkje det? tenkte eg. Eit parti bør jo vera tufta på ei generell politisk retning, og ikkje ei demografisk eller geografisk gruppering.

Senterpartiet er eit større parti eg ikkje vil stemme på, sidan dei berre har bønder som målgruppe. Skulle vi ikkje då også ha eit eige parti for dei andre vanlege jobbane i samfunnet — kontorarbeid, til dømes? Kva med bakarane sine rettigheiter? Vidare har du Kristeleg Folkeparti, som berre er for folk som meinar kristendommen har noko for seg. Skulle dermed også muslimar, generelt overtruiske og andre trusrelaterte grupperingar ha eigne politiske parti? Det fins sikkert individ som ville stemt på det partiet som delte ut gratis lykkeamulettar, og vektla kampen mot svarte kattar og stigar på fortauet.

Korleis har dei det eigentleg i Nord-Korea?

Posted in Uncategorized on May 25th, 2009 by Mads (admin) – 3 Comments

I samband med Nord-Korea si offisielle prøvesprenging i dag kom eg over denne BBC-dokumentaren frå 2003 (ca 40min):

Ferie i Nord-Korea verkar utvilsamt interessant. Sjølv om det er ein skummel ideologi kan eg ikkje unngå å bli fascinert av kor annleis det er. Samstundes har eg sett slikt som Nowa Huta i Polen og den kommunistiske statueparken i Ungarn, og legg jo merke til kor lik akkurat den biten er. Det som slår meg mest er imidlertid musikken.

Det Nord-koreanske Militærkoret:

Den Raude Armé sitt kor:

Det skal visst vera mogleg å dra på ferie dit, så lenge ein ikkje er frå USA, så kanskje det blir årets tur?

Kvifor i all verda dyrkar vi ikkje hamp i Norge?

Posted in Uncategorized on February 16th, 2009 by Mads (admin) – 3 Comments
FORDI DET ER ULOVLEG, sjølvsagt, men kvifor? I Danmark får bøndene tilskot for å dyrke hamp, medan nordmenn risikerer 21 års fengsel1 for å gjera det same. Under dansketida, derimot, var det for norske gardeigarar påbode å dyrke ei viss mengde hamp (Cannabis sativa), og med god grunn. Planta gir eit ekstremt effektivt jordbruk, og kan brukast til alt mogleg. 
«Hamp brukes i dag i tusenvis av produkter, hvor noen av de viktigste er papir, tekstiler og klær, tauverk, lerret, maling, (…) kosmetikk, plastikkerstattende produkter og andre artikler som trenger sterke fibre.» (Wikipedia d.d.) 
SPONPLATER AV HAMP er dobbelt så sterke som vanlige sponplater, og klede av hamp er ti gonger så sterke som dei av bomull. I tillegg gir hamp eit mange gonger meir effektivt jordbruk enn til dømes korn, bomull og treverk. Ei hampeplante har ein livssyklus på 100 dagar, medan eit grantre må stå i mange tiår før det kan brukast. Bruk av hamp kan frigjere jordbruksareal og globalt sett gi grunnlag for større matproduksjon. Kvifor brukar ikkje verda meir hamp? Fleire fordeler:
  • Kan dyrkast utan kunstgjødsel og sprøytemiddel.
  • Svært hardfør og veks nærast kor som helst. 
  • Fibrene tåler temperaturar på inntil 600 grader celsius. 
  • Hampefrø er meir næringsrike enn soyabønner og er ei ypperleg  kjelde til protein og omega 3+6.
BRUK AV HAMP I NORGE har vore debattert tidlegare, og vart vurdert både i 1998 og 2001. Politiet og legemiddeltilsynet har protestert mot initiativet, og avholdsorganisasjonen Juvente har jamvel krevd landbruksministerens avgong for at han stilte seg positiv.
«Bønder på Fosen i Trøndelag har søkt om tillatelse til å dyrke industriell hamp, men Statens legemiddelverk og helseminister Sylvia Brustad vil ikke la bøndene gjenoppta den tradisjonsrike hampedyrkingen. Som eneste europeiske land, nekter Norge våre bønder å etablere en miljøvennlig hampeindustri.» (Sondre Båtstrand, 2006)
DET EINASTE ARGUMENTET ser ut til å vera at planta blir nytta som rusmiddel. For å oppleve rus av industriell hamp må du imidlertid røyke ein joint på storleik med ein standard telefonstolpe, så dette er tull. Tida er overmoden for å oppheve dette forbodet. Blogg det!

PS: Sidan det ikkje fantes ei Facebook-gruppe for dette, så laga eg ei.

1 Satser på hamp (VG, 2006)

Snåsamannen som helseminister. No!

Posted in Uncategorized on January 27th, 2009 by Mads (admin) – 3 Comments

vg

OKEI, SÅ KVA SYN møter meg då eg kjøper lunsj i butikken i dag? «Snåsamannen kurerte min sønn» over heile framsida av VG og eit fotografi av Bjarne Håkon Hanssen. Eg måtte sjå to-tre gonger, før eg begynte å le. Men eg burde grine—mannen er jo helseminister!

DÅ EG VAR LITEN snakka vi om kor rart det var å ha ein røykande helseminister, men røyking viser trass alt ikkje mangel på fagleg innsikt. Tru på healing tilsvarer derimot fagleg inkompetanse, og å reklamere for det i media er rett og slett fullstendig absurd.

PÅ DEN POSITIVE SIDA, så kom det faktisk endeleg ein kritisk artikkel—i alle fall til dels:

- Helseministeren forsøker å utnytte Snåsamannens popularitet for å gjøre seg selv bedre likt. (VG)

PERSONLEG TYKKJER EG denne mediestrategien minner litt om Jackass-konseptet: bli populær ved å ødelegge deg sjølv! Har han verkeleg ikkje spurt seg om det fins andre folkevalde som har blitt meir populære av å ringe «klarsynte»?

MED EIN SLIK HELSEMINISTER kunne like gjerne Snåsamannen sjølv hatt jobben—han er jo definitivt betre kvalifisert, sidan han ikkje tar betaling. Pakk sakene, Bjarne!

28.12.09: OG NO LURAR VG på om det svekkar helseministerens truverd at han ikkje støtta innføringa av røykelova? Hallo?

Den koselige Hamas-kaninen

Posted in Uncategorized on January 9th, 2009 by Mads (admin) – 7 Comments

kanin

HAMAS SIN TV-KANAL Al-Aqsa TV, som har hatt sendingar på Gaza-stripa sidan 2006, er noko av ein kuriositet. Skremmande nok driv dei visst spesielt mykje med barneoppdraging.

«(…) the station promotes terrorist activity and incites hatred of Jews and Israelis.[6], and much of its programming that glorifies violence is geared towards children.[6]» (wikipedia d.d.)

DET ER KANSKJE særleg kanina Assoud eg legg merke til. Tilsynelatande ein koseleg kar, heilt til han opnar munnen.

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=Jm8w7_P8wZ0&w=230]

«(…) I, Assoud, will finish off the Jews and eat them.” (…) Assoud has hinted in episode 113 that he will be replaced by a tiger when he is martyred.» (wikipedia, d.d.)

… OG KVEN ER DET som tør sei at «religion makes you nicer»? Legg merke til den religiøse nasjonalismen—det er ikkje snakk om Israel vs. Palestina. Det kan vera lett å sei at «Islam tar avstand fra alle typer vold, terrorisme og selvmordsbombing.», men kva betyr det eigentleg i praksis?

«Most suicide bombers in the Middle East are chosen as teenagers, “educated,” and then sent off to perform their duty when they are in their late teens or early to mid-twenties. (…) I found that there was little difficulty in finding young men interested in becoming suicide bombers in Gaza and the West Bank.» —prof. Vamik Volkan (University of Virginia)

ELLER SOM CARL SAGAN seier det:

Jorda, fotografert av Voyager 1

Jorda, fotografert av Voyager 1

«The Earth is a very small stage in a vast cosmic arena. Think of the rivers of blood spilled by all those generals and emperors so that, in glory and triumph, they could become the momentary masters of a fraction of a dot. Think of the endless cruelties visited by the inhabitants of one corner of this pixel on the scarcely distinguishable inhabitants of some other corner, how frequent their misunderstandings, how eager they are to kill one another, how fervent their hatreds.» — Carl Sagan, Pale Blue Dot (1994)

EG SKULLE TIL å sei at eg er glad eg bur i eit land som Norge, då det slo meg at folk også her slåss i gatene—med den same konflikta som påskot. Veit dei eigentleg kva dei meinar om saka?