Posts Tagged ‘Nord-Korea’

Lest i det siste

Posted in Uncategorized on July 9th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Rubicon: The Last Years of the Roman Republic Rubicon: The Last Years of the Roman Republic by Tom Holland

Ei underhaldande, narrativ innføring i romerriket si historie som eg likte svært godt.

rating: 4 of 5 stars

Slaughterhouse-Five Slaughterhouse-Five by Kurt Vonnegut

Ein klassikar som ga meg lyst til å lese meir av Vonnegut. Underhaldande og tragisk på same tid.

rating: 4 of 5 stars

Hanteringen av odöda Hanteringen av odöda by John Ajvide Lindqvist

Eg var i utgongspunktet positivt innstilt til boka, sidan ho handla om zombiar, men det viste seg at eg vart lei før boka var ferdig. Litt kjedeleg, rett og slett.

rating: 2 of 5 stars

Pyongyang: A Journey in North Korea Pyongyang: A Journey in North Korea by Guy Delisle

Ein teikneserieroman om Nord-Korea. Fin fortellerstil, men ingen verdifulle innsikter.

rating: 3 of 5 stars

Korleis diktatorar lagar film

Posted in Uncategorized on May 26th, 2009 by Mads (admin) – 1 Comment

«Kjære leiar» i Nord-Korea, Kim Jong-il, er visstnok veldig glad i film (i tillegg til damer og sprit, sjølvsagt). På syttitalet vart han imidlertid misnøgd med kvaliteten på dei nord-koreanske skodespelarane etter å ha sett kva slags filmar dei hadde i Sør-Korea. Der var det særleg skodespelarinna Choe Un-Hee han sette pris på.

Difor ordna han i 1978 ei kidnapping, slik at ho i staden kunne lage filmar i Nord-Korea. For å få enno betre resultat henta han litt seinare også mannen hennar, filmregissør Shin Sang-Ok. Ved å halde desse to i husarrest fekk han til dømes laga ein nord-koreansk versjon av Godzilla, nemleg Pulgasari (1985) [bittorrent / streaming]. Eg trur det er fare for at denne må sjåast i kveld.

Meir om filmen her.

Korleis har dei det eigentleg i Nord-Korea?

Posted in Uncategorized on May 25th, 2009 by Mads (admin) – 3 Comments

I samband med Nord-Korea si offisielle prøvesprenging i dag kom eg over denne BBC-dokumentaren frå 2003 (ca 40min):

Ferie i Nord-Korea verkar utvilsamt interessant. Sjølv om det er ein skummel ideologi kan eg ikkje unngå å bli fascinert av kor annleis det er. Samstundes har eg sett slikt som Nowa Huta i Polen og den kommunistiske statueparken i Ungarn, og legg jo merke til kor lik akkurat den biten er. Det som slår meg mest er imidlertid musikken.

Det Nord-koreanske Militærkoret:

Den Raude Armé sitt kor:

Det skal visst vera mogleg å dra på ferie dit, så lenge ein ikkje er frå USA, så kanskje det blir årets tur?