Posts Tagged ‘Musikk’

Brahms

Posted in notis on September 5th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eg har som regel motførestellingar mot å foreta meg ting samtidig som eg lyttar til musikk, eller omvendt, for den saks skuld. I det siste har eg gjerne teke oppvasken til Otto Klemperer si innspeling frå 1961 av Ein Deutsches Requiem.

Utan tvil er det ei langt betre rein musikkoppleving når eg sit åleine i eit dunkelt rom – det kan ikkje samanliknast – men det er samstundes noko ved samanstillinga av dei trivielle gjeremål og den store musikk som forbetrar opplevinga av å nedlate seg til å gjere eit så banalt stykke arbeid. I alle fall i høve til om eg i staden skulle stått der og tenkt på kva eg heller kunne likt å bruke akkurat den tida til. Problemet er at eg fryktar å ein dag byrje å tenke på koppar og tallerkar medan eg sit og lyttar til dette verket åleine i eit dunkelt rom. Og uansett kva eg ville forsøkt å tenke på i staden, så ville eg ende opp med å prøve å la vere å tenke på koppar og tallerkenar, for eg ville bli så nervøs for å ha øydelagt musikken. Og dét … ville øydelegge noko inni meg. Eg må slutte å vaske opp.

Goldbergvariasjonane

Posted in omtale on August 29th, 2010 by Mads (admin) – 2 Comments

Glenn Gould spelte inn Goldbergvariasjonane to gonger, i 1955 og 1981. Eg har i det siste hørt ein del på begge to, og det er fantastisk musikk. Eg blir liksom umiddelbart i godt humør når eg høyrer dei første, nærast sprellande tonane frå Aria på 1955-versjonen (Spotify). 1981-versjonen av det same stykket er radikalt ulikt, og gir heilt andre kjensleinntrykk (Spotify).

1955:

1981:

Musikkstatistikk for 2009

Posted in Uncategorized on January 11th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Mine mest spelte enkeltspor.

1 John Coltrane – My Favourite Things (29) / Spotify
2 Philip Glass – November 25: Morning from Mishima (27) / Spotify
2 Philip Glass – Symphony No. 8: Movement I (27) / Spotify
4 Håkon Kornstad – Crying In The Rain (24) / Spotify
5 Kronos Quartet – Flugufrelsarinn (22) / Spotify
5 The Raconteurs – You Don’t Understand Me  (22) / Spotify
5 Håkon Kornstad – Sweden (22) / Spotify
8 Paul Desmond – Mrs. Robinson (21) / Spotify
9 Wolfgang Amadeus Mozart – Piano Sonata #16 in C Major, K 545 – 1. Allegro (20) / Spotify
9 Bill Evans – Waltz For Debby (20) / Spotify

Kul jul med kvass jazz

Posted in omtale on December 17th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Ingenting blir meir julete for meg enn halvvulgære salongjazz-versjonar av kjente julesongar. På samlinga Christmas Jazz (Spotify) frå 2008 er det imidlertid gjort svært smakfullt, så dersom ein no uansett har tenkt seg i julestemning i år blir dette redninga.

Ei anna innspeling eg har slite ut i det siste, som ikkje har noko med jul å gjera, er Karl Seglem og Eple Trio sin Norskjazz.no (Spotify) frå i år. Den er verkeleg ein liten skatt for kalde vinterøyrer.

Jazz-ekstra

Posted in omtale on October 20th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

album-coverEg må innrømme at eg ikkje har kjøpt musikk medan eg har hatt Spotify, men i går skjedde det for første gong då mi nye favorittgruppe, Portico Quartet, kom ut med albumet Isla.

Det er tydelegvis ei litt smal utgjeving på eit lite plateselskap, men eg fann det hos Portico Quartet - Isla. Omslagsbiletet er fantastisk; eg skulle nesten ønske eg hadde kjøpt plastskiva i staden.

Når det gjeld musikken har den eit musikalsk språk som treff meg midt i magen. Det må eigentleg berre høyrast. Albumet Knee Deep in the North Sea skal vera tilgjengeleg på Spotify, om ikkje eg har slite det ut enno. Ellers kan nok YouTube by på smakebitar.

Den litt magiske lyden som du ikkje heilt klarar å plassere kjem truleg ifrå hang-tromma, som er eit nytt instrument av det siste tiåret. Her er ein fascinerande videodemonstrasjon frå ein annan kar: