Posts Tagged ‘Mennesker’

Predikanten og fuglemataren

Posted in Uncategorized on July 25th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

I dag såg eg to menneske som eg beit meg merke i. Den første var ein mann, ein austlending, som stod på Vågsallmenningen med mikrofon og forsterkar og prata til alle og ingen. Han meinte det var særs viktig at særleg barn fekk høyre om Jesus. Ikkje så mykje meir å seie om den saka. Personleg kunne eg ikkje vore meir ueinig, og det såg heller ikkje ut til at han fekk anna respons enn vantru frå dei forbipasserande. Då eg kom forbi litt seinare hadde nokre musikarar teke over showet, og predikanten var redusert til å samtale med folk på tomannshånd. Folk ville heller ha musikk. Tilbod og etterspørsel.

Den andre var ei eldre dame med ei stor, gråbrun kåpe, underskjørt og fargerike sokkar og ein knallraud sydvest i plast som ho hadde trukke godt ned i nakken. Ho stod med ryggen til meg og mata duene. Det er liksom alltid slik med folk som matar duene; dei står med ryggen mot alle oss andre og har ein masse klede på seg, gjerne parkasar og store plagg som får dei til å sjå ut som eit fillestativ, og så kastar dei brødsmular til måsar, duer, ender eller spurvar. Dei har sitt eige vesle samfunn å halde styr på der nede på asfalten.

Som regel har dei ein handlepose frå ein eller annan lavprisbutikk, noko som ganske sikkert indikerer at dei spesifikt handlar inn brød for å mate til duene (denne dama hadde to FirstPrice-posar ståande på asfalten). Eg tykkjer alltid det er eit litt urovekkande syn. På eit vis er det ei empatisk gjerning å mate byfuglane, men det vitnar også om andre, underliggande motivasjonar.

For oss som ikkje matar fuglane framstår det gjerne som lite gjennomtenkt. Dyra  får det ikkje betre, dei blir fleire. Var dessutan hovudpoenget berre å mate fuglane kunne ein berre tømt alle brødsmulane på gata og blitt ferdig med det. Fuglematarar pleier imidlertid å halde lenge på maten, dele ut litt og litt, og vise særleg omtanke for svake individ ved å kaste mot dei. Med andre ord, å øve ein viss kontroll på kven som får godene. Tilbod og etterspørsel.

Om felleskapet og naboane mine

Posted in kåseri on January 19th, 2008 by Mads (admin) – 6 Comments

EG VERT SÅ MISANTROPISK kvar gong eg skal vaska klede. Der vi bur har vi eigentleg ikkje nokon plass å ha vaskemaskin, så det er eit felles vaskeri. Skal eg vaske klede må eg ta dei med:

  • Ut (ut døra til takterassen, inn døra til korridoren og ned tre etasjar med trapper)
  • Hundre meter bortover gata
  • Gjennom tre dører, samtlege med kort- og kodelås, samt ned ei trang trapp.

DETTE GIDD EG RETT OG SLETT ikkje gjera særleg ofte, og det vert difor også gjerne tre-fire posar med skittentøy i slengen, noko som gjer turen tilsvarande meir strabasiøs. I utgongspunktet greit nok, sidan det var gratis å vaske klede då vi flytta inn her. Etter kvart fekk vi imidlertid eit ekstra kort, som vi må fylle på pengar som vi må betale med kvar gong vi skal vaske klede. Og som om ikkje det var nok har vi også alle idiotane å stri med. Eg mistenker også at nevnte idiotar er direkte årsak til betalingsprinsippet, og dermed einaste reelle problemkjelde.

Vaskeri | flickr.com (cc)EG TRUR NABOANE MINE ER LAVARESTÅANDE PRIMATAR. Det er heilt latterleg, men eg ante verkeleg ikkje kor mange kromosomfeil som går an å avsløre ved hjelp av ei vaskemaskin. Det går ikkje ein klesvask utan at ein eller annan amøbe har rive laus handtaket på minst éi. Som dei fleste er klare over let ikkje vaskemaskiner seg opne medan dei vaskar kleda — nettopp for å unngå ein annan type idiotfeil, som eg ikkje tvilar eit sekund på at nokre av naboane mine er i stand til å gjera. Det er tydelegvis enkelte gorillaar som er så desperate etter å få tak i pelsen sin at dei ikkje klarar å vente på at maskina er ferdig og går direkte bananas på handtaket. Dette problemet oppdagar eg på ei ny maskin kvar gong — vaktmeisteren rekk ikkje reparere dei raskt nok. Ein skulle jo tru det jamvel for ein hund var mogleg å trekke konklusjonar om kva som vil skje med dei andre maskinene, som er kliss like, når ein alt har rive handtaket av ei maskin. Men ikkje naboane mine — dei må prøve alle. Eg lurar på korleis dei i det heile tatt klarar å komme seg inn i vaskerommet.

EG GÅR OG SKULAR på naboane mine, og lurar på kven av dei som har køyrd pelsen sin gjennom kokvaskprogrammet saman med eit par knallraude sokkar. Eg har mine mistankar.

AV ANDRE TING dei klarar å få til må det til dømes nevnast at eg ved fleirfoldige tilfelle har observert at heile grensesnittet, det vil seie heile kontrollpanelet på vaskemaskinene har vore laust og ubrukeleg. Det har vore trykt inn i maskina, og der knappane var har det berre vore hol. Kortet med sjølve knappane på har dingla eit godt stykke inne i vaskemaskina. Eg måtte berre stirre i vantru på fenomenet første gong eg oppdaga det — det såg ut som om Hulken hadde vaska klede for fyrste gong. Somme tider undrar eg meg på kva som eigentleg går føre seg mellom dei åtte veggane der nede.

ETTER EI STUND var det reparert av vaktmeisteren, eller kanskje snarare av profesjonelle vaskemaskinreparatørar, og på maskinene var det kome opp ein merkelapp:

«Vennligst IKKE trykk HARDT på disse knappene!»

EG BURDE JO SJØLVSAGT ha rekna med det, men etter eit par veker så var kontrollpanelet inne i eit par av maskinene att, der dei hørte heime. Sjølv om ein klarar å taste koden tyder altså ikkje det på leseferdigheiter. I tillegg var også dei øvrige standardfeila på plass, som avrivne handtak, opne maskiner halvfulle med vatn og toppa haugar med ukjend vaskepulver stappa inn i alle tenkelege luker og opningar. Eg byrjar å lure på kva desse dyra eigentleg gjer på til dagleg, korleis dei klarar å skaffe pengar til å betale husleiga, korleis dei handlar i butikken, eller korleis dei eigentleg greier å kle på seg sjølve.

EG BYRJAR Å STUDERE påkledninga til naboane mine. Sjå etter folk som har buksa bak fram. Eller kanskje ulike sokkar, eller i alle høve smekken open. Eg mistenker fleire.

EG HAR IKKJE TAL på kor mange gonger eg naivt har starta ei maskin med pengekortet mitt, lagt i klede og vaskepulver, for så å oppdage at ho eigentleg ikkje virkar likevel. Gjerne skjer dette når eg berre hadde nok pengar att på kortet til ei vask og kontoret der me fyller på er stengt. Dermed kan eg ikkje gå attende for å kreve pengane att, og har eigentleg ikkje noko anna val enn å gå heim for å vaske med Biotex i bøtte — noko eg eigentleg trur er mindre arbeid, og i alle høve mindre frustrerande.

Mannen som ropte Jesus

Posted in notis on March 29th, 2007 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eg spaserer over Torgallmenningen i strålande solskin. Den venstre skosålen min har byrja å knirke – noko som er eit sikkert vårteikn. Ein mann sit på sokkelen til ei søyle og trekk maksimal nyting ut av den opplevinga det er å ete ei perfekt modna banan. Ei ung kvinne går med nasa i veret og overdimensjonerte solbriller medan ho sniffar inn det friske våroksygenet. På ein benk sit ein mann for seg sjølv – han minner litt om Bjørn Sundquist – brått held han seg til hovudet, lukkar augene og ropar av full kraft, på nordnorsk:

Takk, hellige Jesus Kristus, for at du driver ut Satan med din hellige ånd!

Folk snur seg naturleg nok og lurar på kva dette er for noko, men mannen berre sit der, heilt normalt. Nokre ler, andre ser sjokkerte ut. Eg passerer som ein tilsynelatande uaffisert, men tankefull, ateist eit par meter framfor mannen. Var dette faktisk Bjørn Sundquist som deltok i ei innspeling av noko slag (utan at eg såg noko teikn til det), eller var det ein heilt tilfeldig mann som gjennomgjekk ei akutt andeleg vårreingjering?

På ferie i eksamenslokalet

Posted in petit on December 15th, 2006 by Mads (admin) – 2 Comments

Eg sit og skriv eksamen i ein gymsal med 200 andre studentar då den eine eksamensvakten brått tar fram eit kamera.

Eksamensvaktstaben består av rundt eit halvt dusin pensjonistar, og denne eine har altså teke med seg eit digitalkamera inn i eksamenslokalet. Sjølvsagt har han ikkje skrudd av alle dei pipelydane som kjem ut av eit slikt kamera uansett kva knapp ein trykker på, så det kjem jo mange forstyrrande lydar medan han står der og fomlar med det.

Når han har funne ut kva som er opp og ned på kameraet byrjar han å fotografere. Det ser ut som om han tar bilete av dei andre eksamensvaktene, men passar på å få med ein del studentar på biletet for å kunne dokumentere kvar dei har vore. Ser dei på dette som ein slags ferie som skal inn i fotoalbumet? Eller har dei ei hemmeleg nettside med mange andre slike bilete?

Eg syns det var gale nok i vår då eksamensvaktene presterte å mørklegge lokalet i eit kvarter av di dei ikkje fann ut korleis ljosbrytaren fungerte, men feriebilete? Ærleg talt. Eg jobbar forresten litt sjølv som eksamensvakt for tida – på ungdomsskule. Trur eg skal ta med meg klappstol og parasoll i morgon – temperaturane er jo som i syden i alle tilfelle.

Raring på tog

Posted in petit on October 14th, 2006 by Mads (admin) – 1 Comment

Eg har ei lita, svart bok (eller snarare tre stykker) som eg noterer små idéar og interessante hendingar i når eg er ute. Dermed kan eg hugse dei betre seinare. Her om dagen kom eg over ei side som eg hadde notert medan eg sat på toget i
Austerrike for omtrent tre månader sidan. Eg trur vi var på veg frå Wien til Bern. Ovanfor meg sat ein mann som eg først tok for å vera italienar, på grunn av den kvite skjorta, dei italienske moteskoa og krossen han hadde rundt halsen, men så såg eg på flylappen hans at han hadde floge frå Sofia. Då eg snakka med han seinare fekk eg bekrefta at han var ein veteranbilhandlar frå bulgaria, og at eg ikkje hadde mykje peiling på bil.

Eg sit altså på toget og ventar på at det skal gå (kva er no eigentleg det for ein ting å vente på) medan eg observerer denne fyren, som eg tenker at eigentleg ser litt kriminell ut – mykje på grunn av det tettbarberte håret og den nervøse måten han ellers ter seg på. Etter lenge berre å ha veksla mellom å sitte i ro, drikke vatn og stå i gongen tek han ned bagen sin, set seg ned og dreg ut ein plastpose. Frå den dreg han ut eit blad – eit bilblad – og studerer framsida omhyggeleg og lenge, før han blar litt kjapt i det, rynker panna og legg det attende.

Etter eit halvt minutt tek han fram eit nytt blad og gjer nøyaktig det same. Så tek han fram mange ark som ser ut som om dei er printa ut frå internett – desse er det bilete av ulike bilar på med litt tekst. Han ser litt på desse og legg så fort alt attende før han tek ut ei pakke med skinkepålegg. Denne granskar han også svært nøye og lenge, men legg til slutt også den attende. Etter det tek han fram ei pakke med salami som han også studerer svært lenge, med kritisk blikk. Han legg ikkje denne attende, men tek fram eit oppskore brød, åpnar posen og tek ut ei skive, som han så legg på posen han har på fanget sitt.

Det å få opna salamipakken er visst ingen spøk, og han strevar ei god stund med det, men tek til slutt tennene til hjelp og lukkast. Etter at han endeleg har fått opp pakka brukar han utruleg lang tid på å fingre nedi ho utan å få tak i så
mykje som ei skive av pølsa – dette gir han faktisk opp og forsøker i staden å helle pølseskivene ut av pakken – dette fører til at alt innhaldet sklir ut på skiva som ein komplett slik skråbunke som dei kjem i. Dette er mykje salamipølse, og mannen vurderer å dele bunken i to (gjer eit tafatt forsøk), men så ser det ut som om han tenker “skitt la gå” og slenger berre ei skive til oppå heile stasen før han set tennene i det.

Eg har aldri sett ei så omstendeleg tilbereding av eit så traurig smørbrød, men eg snakka etterpå lenge med mannen og han viste seg å vera ein svært sympatisk type.