Posts Tagged ‘Meg’

Eg–son av villmarka

Posted in Uncategorized on December 27th, 2008 by Mads (admin) – 2 Comments

SPØRSMÅLET eg stilte meg då eg fekk eit eldstål til jul var: har eg tålmod til å læra meg å gjera opp eld utan fyrstikker?

DET TAR TID, men eg er ein sta jævel, og gir meg ikkje utan kamp. Du kan gjerne spørja kva slags sadistar som eigentleg gir bort eit eldstål til juldet er vel ikkje så altfor urimeleg å kalle ein spade for ein spade hermen eg skal la vedkommande forbli anonym på eige initiativ. Eg trur dessutan dei visste kven dei hadde med å gjera, for svaret på førstnevnte spørsmål er sjølvsagt ja. Det kosta smerte, men eg lærte ein potensielt livsviktig teknikk. Det var ikkje så mykje eldstålet som var gåva, som det var lærdomen.

FØRSTE DAGEN GJEKK EG ut i skogen med kun eit eldstål i handasamt det mest naudsynte av bekledning, sjølvsagt. Hadde eg vore åleine kan det jo tenkast eg hadde klart det, men nauda var ikkje stor nok, og dei to pysene eg hadde med meg var ikkje særleg innstilte på å ligge på kne og glo på ein tulling som forsøker å starte skogbrann med ein stein og ein stålpinne. Dei ville vel heller sjå ein one-hit flammekastar enn eit par hundre kakk som ikkje gav anna enn smågneister. Men slik er det ikkje i verkelegheita. Eg trur ikkje eingong det er slik på film. Å gjera opp eld utan fyrstikker krever psyke.

MEN MED DEN TEKNIKKEN eg hadde vald ville eg både ha slite ut eldstålet og frose ihjel, så det var kanskje like greit at vi kom oss heim att den dagen.

TRIKSET VAR Å ha på seg lusekofte, slik eg hadde på dag 2. Dette gir auka sjølvtillit og overlevingsinstinkt (i tillegg til +5 intelligence og +25 magic), sjølv når ein har henne under jakka. Med lusekofte på fann eg ut at trikset tydelegvis var stål mot stål. Eg har også hørt at ein kan bruke kvarts/flint eller liknande mineral, men utan flint eller bergkrystall held det fint med noko kvasst stål. Til dømes den piperensar-tingen som fins på alle lommeknivar, men ingen eigentleg veit kva dei skal bruke til. Eg har no altså, gjennom forskning, funne fram til eit bruksområde. Nok ein gong har den sveitsiske lommekniven min redda meg ut av ei knipe. Watch and learn:

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=EqTuktfnXT8]

(eg har med vilje laga ein litt obskur video slik at ingen andre enn meg skal kunne lære noko)

Blogged with the Flock Browser

Kvinner i klesskapet skapar mannen

Posted in kåseri on November 16th, 2008 by Mads (admin) – 16 Comments

EG KOM OVER ein bloggpost som forklarar ein del ting om praktisk samliv, og må sei eg umiddelbart kjende meg att. Denne dama har skjønt det.

Finner du en utvasket, fillete t-skjorte innerst i skapet hans, unngå for enhver pris å tenke:
“Denne er det jo ingenting igjen av, den kan jeg pusse vinduer med”.

Du kan ikke det.

EG HAR EI T-SKJORTE frå militæret som eg reiv hol på i hinderløypa. Dramatisk historie, men sånn er det i krigen. Eg beit tennene saman og sydde holet att med det vesle sysettet vi fekk utdelt som rekruttar. No, over seks år seinare, har plutseleg min betre halvdel bestemt seg for at eg må kvitte meg med denne skjorta. Eg vil ikkje. Dei forstår det ikkjedette merkelege kjønnet. I alle fall ikkje min lokale representant.

DET ATTSYDDE ARRET i mi grøne T-skjorte er eit merke over gamle bragder og svunne tider. Det er ein vesentleg del av min røyndom—min person. Det er som eit arr på kroppen—som Onkel Skrue når han gjer greie for kvar minste ripe i lykkeskillingen sin. Sentimentalt, javel, men dette er merker av levd liv. Dei skal sitte på kleda. Skal ein stakkars herre liksom ikkje få ta vare på ei skarve skjorte med eit snev av særpreg og karakter, medan hans betre halvdel forlangar å ha vekesgamle plagg tytande ut av skuffer og skap?

NO SKAL DET SEIAST at eg gjerne kler meg som om eg har vore gjennom helvetes portar og tilbake. Eller, det er i alle fall ikkje så langt unna. Det fins liksom ikkje noko mellompunkt mellom fillefrans og gallamiddag. Eg trur til dømes at eg har fleire lommer med hol enn utan, og dei lommene som ikkje har hol befinn seg på finbuksa mi (for eg har berre éi). Av og til finn eg småpengar i sokkane, for å seie det diplomatisk.

FØR EG SET min fot i ein klesbutikk skal kleda mine vera forbi det stadium der det fins grunnlag for reparasjon. No er eg ikkje særleg flink til å sy, men eg får det til å henge saman. Dersom folk flest hadde mi haldning til påkledning ville ikkje denne byen hatt næringsgrunnlag for meir enn éin klesbutikk. Frå tid til anna ville det ramla inn eit halvnakent, forvirra menneske utan snev av peiling på klesstørrelsar.

DET FINS ANDRE TING frå militæret som har halde meg borte frå klesbutikkane i ettertida. M77-støvlane, sjølvsagtein klassikar som trygt kan tilrådast med innleggssålar og ullsokkar. Det varme ullundertøyet held også høg kvalitet, og eg nyttar jamvel joggeskoa, som var like gode gjennom heile året og framleis er fullt brukbare. Då vi fekk utdelt kongens boxershorts var det imidlertid særs mange av mine medrekruttar som syntest dei var så ubehagelege at dei nekta å ta dei i bruk. Eg kom ikkje frå Oslo, så eg syntest dette var svære greier og nyttar dei enno.

RETT NOK HAR KLESSMAKEN min vorte meir sofistikert dei seinare årai den grad han i det heile tatt kan komme inn under definisjonen av ordetog eg byrjar å få eit minimum av forståing for korleis den andre part ser det. Det nyttar vel dessutan ikkje å ha sentimentale forhold til klede, for gjett kvaho gjekk bak min rygg og kasta skjorta. Angreip meg der det stikk verst; i klesskapet. Dette er lenge sidan no, men det var så traumatisk for meg at eg ikkje orka å skrive ferdig denne historia, før no.

EK KUNNE HELLER IKKJE FINNE ei ishockey-skjorte eg har hatt og brukt sidan eg var rundt ti år gammal, det vil seie truleg i 15-16 år. Mitt livs favorittskjortevi hadde vore gjennom så mykje saman. I ein periode lette eg framleis etter skjorta no og då. Kanskje ho berre hadde falt ned bak sofaen, eller kanskje mellom sofaputene. Der eg hadde funne ho att så mange gonger før. Men eg innsåg etter kvart at eg gjorde det i fornekting. Inst inne visste eg kva som hadde skjedd. Eg kjem til å savne deg, San Diego Sharks-hai. Du vart litt rynkete på slutten, men det var der framleis, det lure smilet.

EG INNSÅG IKKJE kor oppteken eg eigentleg var av kledekor sterkt mitt forhold til somme enkeltplagg var. Kanskje vi herrar jamvel har sterkare tilknytning til kleda våre enn damer. Det er berre det at mitt forhold til klede av ein eller annan grunn alltid kjem ut som mindreverdig. Eg føl tydelegvis nokre prinsipp for påkledning som det har vist seg umogleg å vinne aksept for. Veit kvinner eigentleg korleis det er å ha ei favoritt-t-skjorte? Ein kastar ikkje berre vennane sine! Eg har berre ein ting å seie: stol aldri på noko som kan blø i ei veke og framleis vera i live!

Løp, Mads. Løp!

Posted in kåseri on October 27th, 2008 by Mads (admin) – 4 Comments
Mads)

Illustrasjon av endorfinrus (foto:Mads)

EG HAR NOKRE mildt hypomaniske karaktertrekk og blir lett rastlaus. I det siste har dette gitt meg ei sterk trang til å springe, så ein dag gjekk eg på G-Sport og kjøpte joggebukse. Eigentleg hadde eg joggebukse frå før, så dette bar til dels preg av å vera ei symbolhandling, men viste seg å ikkje vera så dumt med ei meir moderne bukse som tåler vatn, for det har regna som eit reint helvete dei siste dagane.

JOGGING har eg hatt eit ambivalent forhold til. Den eine joggeskoen min var byrja å gå opp i saumane, så eg måtte lime han for å vera klar til neste innfall kunne dukke opp. Det var ei stund sidan sist, men det har vore gode sko. Det er heller ikkje det einaste eg har fått av Forsvaret som framleis er i bruk (sju år etter). Til å vera pasifist har eg eigentleg urovekkande mykje militært materiell i klesskapet (god til å skyte er eg òg). Det er nok likevel på tide å skaffe seg nye joggesko, men noko seier meg at det ikkje er lurt å investere for mykje i slike idéar med ein gong. I alle fall ikkje før det har gått bra i ein vesentleg periode. Joggesko er tydelegvis svært alvorlege saker, i alle fall for dei i sportsbutikken, så eg er glad eg ikkje hadde på meg mine då eg var der.

DÅ DET VART MØRKT ute kom impulsane. Som forventa. Eg hadde eigentleg berre gått rundt og venta på at det skulle bli mørkt. Eg tenkte ikkje på kvifor, men eg har sterkare dragning mot det å springe når det er mørkt. Å springe i dagslys ber preg av å vera ei tvangshandling, eventuelt at ein har hastverk og skal ein stad. I mørket såg eg imidlertid for meg at det er som å flyte av stad i si eiga boble. I tillegg veit eg at det ser ut som ein spring mykje fortare når det er mørkt. Kanskje det heller er augene som er tregare, men det gir uansett ei meir tilfredsstillande kjensle. Dette er også ein av grunnane til at eg som barn ikkje motstod kjensla av å legge ein stille, mørklagd asfaltveg under føtene — helst i maksimal hastigheit. Det var kanskje det næraste eg kom å fly.

EG HADDE JO SYKLA ein del til og frå jobb i sommar, så eg følte ikkje at formen var så aller verst — det er jo trass alt to mil kvar veg. Likevel presterte eg å overvurdere meg sjølv, så til dei grader.

DEI STADENE EG likar best å springe er dei med lite andre folk, til dømes stader nær skogen. Det er desse stadene det er lettast å oppnå den rytmiske, transeliknande fasen — når du slepp å heile tida måtte navigere deg mellom all mogleg annan uforutsigbar trafikk. Dersom du skal til skogen i denne byen så er det imidlertid berre éin veg, og det er oppover. Greitt nok. Problemet er at når eg først får det for meg at eg skal springe, så er det ei veldig impusiv greie og eg har problem med å begynne forsiktig. Full fart i oppoverbakke er ikkje den mest ideelle måten å starte på, særleg ikkje dersom ein akkurat har fullført ein tyngre middag og tatt seg ein pils etterpå.

ALT DETTE veit eg jo. Men eg gir faen.

RASKT MÅTTE EG SJÅ dei store idéane mine om å springe til Rundemanen falle i grus som følge av akutt kroppsleg forfall. Vett til å gi opp hadde eg imidlertid ikkje, så eg fortsatte i oppoverbakke. Dette er stader eg vanlegvis kan bli andpusten av å , så det er kanskje ikkje så rart at eg var nær ved å krepére i forsøket på å springe, men eg har dette med urealistiske vurderingar i blodet. Når bakkane er så bratte at folk syns det er enklare å bygge trapper enn veg er det likevel noko i meg som seier at her … her skal eg jogge, og til helvete med alle andre, realistiske drittsekkar.

ETTER EI STUND overtalte eg likevel meg sjølv om at det ville gi større friheitskjensle å suse bortover på flat mark, så eg tok meg ein kort kvilepause (eigentleg ikkje kvilepause, meir ein slags kunstpause) og snudde nasa mot Fjellveien. Det var her det kom ei lita eureka-oppleving. Eg kunne no faktisk springe ganske lenge i eit jamnt bra tempo. Fjellveien er ein 4,6 km lang grusveg frå 1800-talet, og eg har sett folk springe der før. «Tullingar i tights», ser eg ikkje bort frå at eg kan ha tenkt då.

FJELLVEIEN er litt kort for jogging, så ein må gjerne springe fram og tilbake dersom ein ikkje vil opp eller ned, men til trass for denne romlege avgrensinga opplevde eg eit snev av runner’s high. Det var vel forresten heller litt svak nedoverbakke og medvind, men det gav same kjensla. Som ein slags endorfin-rus. Det er litt som å flyte, og beina går av seg sjølv. Tida endrar på eit vis hastigheit, og alt anna går tregt.  Eg ser ikkje bort frå at eg kan komme til å gjenta prosessen, men eg kan ikkje love at eg har lært noko. Det blir nok også lenge til du ser meg i refleksvest. Helst aldri.

Om felleskapet og naboane mine

Posted in kåseri on January 19th, 2008 by Mads (admin) – 6 Comments

EG VERT SÅ MISANTROPISK kvar gong eg skal vaska klede. Der vi bur har vi eigentleg ikkje nokon plass å ha vaskemaskin, så det er eit felles vaskeri. Skal eg vaske klede må eg ta dei med:

  • Ut (ut døra til takterassen, inn døra til korridoren og ned tre etasjar med trapper)
  • Hundre meter bortover gata
  • Gjennom tre dører, samtlege med kort- og kodelås, samt ned ei trang trapp.

DETTE GIDD EG RETT OG SLETT ikkje gjera særleg ofte, og det vert difor også gjerne tre-fire posar med skittentøy i slengen, noko som gjer turen tilsvarande meir strabasiøs. I utgongspunktet greit nok, sidan det var gratis å vaske klede då vi flytta inn her. Etter kvart fekk vi imidlertid eit ekstra kort, som vi må fylle på pengar som vi må betale med kvar gong vi skal vaske klede. Og som om ikkje det var nok har vi også alle idiotane å stri med. Eg mistenker også at nevnte idiotar er direkte årsak til betalingsprinsippet, og dermed einaste reelle problemkjelde.

Vaskeri | flickr.com (cc)EG TRUR NABOANE MINE ER LAVARESTÅANDE PRIMATAR. Det er heilt latterleg, men eg ante verkeleg ikkje kor mange kromosomfeil som går an å avsløre ved hjelp av ei vaskemaskin. Det går ikkje ein klesvask utan at ein eller annan amøbe har rive laus handtaket på minst éi. Som dei fleste er klare over let ikkje vaskemaskiner seg opne medan dei vaskar kleda — nettopp for å unngå ein annan type idiotfeil, som eg ikkje tvilar eit sekund på at nokre av naboane mine er i stand til å gjera. Det er tydelegvis enkelte gorillaar som er så desperate etter å få tak i pelsen sin at dei ikkje klarar å vente på at maskina er ferdig og går direkte bananas på handtaket. Dette problemet oppdagar eg på ei ny maskin kvar gong — vaktmeisteren rekk ikkje reparere dei raskt nok. Ein skulle jo tru det jamvel for ein hund var mogleg å trekke konklusjonar om kva som vil skje med dei andre maskinene, som er kliss like, når ein alt har rive handtaket av ei maskin. Men ikkje naboane mine — dei må prøve alle. Eg lurar på korleis dei i det heile tatt klarar å komme seg inn i vaskerommet.

EG GÅR OG SKULAR på naboane mine, og lurar på kven av dei som har køyrd pelsen sin gjennom kokvaskprogrammet saman med eit par knallraude sokkar. Eg har mine mistankar.

AV ANDRE TING dei klarar å få til må det til dømes nevnast at eg ved fleirfoldige tilfelle har observert at heile grensesnittet, det vil seie heile kontrollpanelet på vaskemaskinene har vore laust og ubrukeleg. Det har vore trykt inn i maskina, og der knappane var har det berre vore hol. Kortet med sjølve knappane på har dingla eit godt stykke inne i vaskemaskina. Eg måtte berre stirre i vantru på fenomenet første gong eg oppdaga det — det såg ut som om Hulken hadde vaska klede for fyrste gong. Somme tider undrar eg meg på kva som eigentleg går føre seg mellom dei åtte veggane der nede.

ETTER EI STUND var det reparert av vaktmeisteren, eller kanskje snarare av profesjonelle vaskemaskinreparatørar, og på maskinene var det kome opp ein merkelapp:

«Vennligst IKKE trykk HARDT på disse knappene!»

EG BURDE JO SJØLVSAGT ha rekna med det, men etter eit par veker så var kontrollpanelet inne i eit par av maskinene att, der dei hørte heime. Sjølv om ein klarar å taste koden tyder altså ikkje det på leseferdigheiter. I tillegg var også dei øvrige standardfeila på plass, som avrivne handtak, opne maskiner halvfulle med vatn og toppa haugar med ukjend vaskepulver stappa inn i alle tenkelege luker og opningar. Eg byrjar å lure på kva desse dyra eigentleg gjer på til dagleg, korleis dei klarar å skaffe pengar til å betale husleiga, korleis dei handlar i butikken, eller korleis dei eigentleg greier å kle på seg sjølve.

EG BYRJAR Å STUDERE påkledninga til naboane mine. Sjå etter folk som har buksa bak fram. Eller kanskje ulike sokkar, eller i alle høve smekken open. Eg mistenker fleire.

EG HAR IKKJE TAL på kor mange gonger eg naivt har starta ei maskin med pengekortet mitt, lagt i klede og vaskepulver, for så å oppdage at ho eigentleg ikkje virkar likevel. Gjerne skjer dette når eg berre hadde nok pengar att på kortet til ei vask og kontoret der me fyller på er stengt. Dermed kan eg ikkje gå attende for å kreve pengane att, og har eigentleg ikkje noko anna val enn å gå heim for å vaske med Biotex i bøtte — noko eg eigentleg trur er mindre arbeid, og i alle høve mindre frustrerande.

Eg lappa meg til blods

Posted in petit on May 31st, 2007 by Mads (admin) – 5 Comments

EG KOM UT, var ferdig på jobb og gjekk mot sykkelen. Førre dagen eg hadde kome slik hadde eg sett meg på sykkelen og trilla avgarde medan bakdekket klappa saman under meg; det hadde vore punktert, og eg hadde måtta teke bussen med sykkel. Det kosta ekstra pengar, noko som er surt for ein gniar som meg.

EG HADDE MÅTTA LAPPE dekket sjølv, og var framleis oppskaka over heile opplevinga, så blikket mitt søkte naturleg nok umiddelbart mot bakdekket for å forsikre meg om at det var i orden. Det såg flatt ut – var det flatt? Eg huka meg ned og tok på det – jau, det var flatt. Sitjande ved sykkelen såg eg rundt meg. Først eine vegen, så den andre, og attende. Dreiv nokon gjøn med meg? Trakka eg nokon på tærne ved å parkere her?

FEBRILSK LUFTPUMPING nytta ikkje – det var eit vesentleg hol på slangen, og eg fekk ikkje nok trykk i han til at det tetna. Eg gjorde ei kjapp vurdering – det var femti minutt til neste buss gjekk – det måtte lappast. Her og no.

LAPPESAKENE kom fram frå ryggsekken, eg tok av hjulet og vrengte dekket av felgen med eit av verktøya på den sveitsiske MacGyver-lommekniven min, som eg faktisk kjøpte i Noreg av di eg skulle på teltferie til Sveits – ironisk nok skulle eg oppdage at desse lommeknivane er det einaste som er billegare i Sveits enn i Noreg, og det ikkje så reint lite heller. Vel, nok om det – eg var i alle høve ganske bad-ass.

HOLET I SLANGEN var av same type som det frå i forgårs; på innsida av slangen – den som ligg mot felgen. Eg er vant til å finne meg i mykje løye i samband med sykling, men det er då merkeleg at slike hol kan oppstå to dagar på rad under same føresetnader etter at eg har sykla dette strekket i snart ein månad på same sykkelen.

LAPPINGA VAR RÅ OG SLURVETE, og medan eg balte med å få slangen på plass dropla det brått blod på slangen. Eg er skoten, tenkte eg og tok meg til brystet – i augneblinken held eg på å lese No country for old men, og er litt oppskaka når det gjeld blod og skytevåpen – men det var altså ikkje noko slikt som hadde skjedd denne gongen. Eg hadde jo ikkje hørt noko skot og kunne heller ikkje sjå nokon sykkelmafia i nærleiken. Det var fingrane mine som blødde. Slangen i bakdekket mitt har eg no altså lappa med mitt eige blod. Eg kunne nesten glidd inn i ein roman av Cormac McCarthy.