Posts Tagged ‘media’

Skumle personverngreier

Posted in Uncategorized on September 25th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Nettavisen skriv om ei nettside med frykteleg skummel søkefunksjonalitet:

Vi har prøvd flere søk i søketjenesten, og det er svært mye informasjon som er tilgjengelig. Ved ett enkelt søk på en person får du mobilnummer, stjernetegn, fødseldsato [sic], skatteinformasjon (…)

Det er gale nok at dei legg ut fødselsdatoen din, men stjernetegnet! Har desse menneska ingen moralske skruplar? Forstår dei ikkje kva ein astrolog kan gjera med slik informasjon?

For mykje bannskap i NRK

Posted in Uncategorized on April 16th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Banning forutset ei førestelling om at enkelte ord er styggare enn andre—gjerne ord som har med religiøse tabuførestellingar å gjera, noko som gjer banning i seg sjølv til eit tabu. NRK har i det siste fått reaksjonar på at det er for mykje banning i programma deira.

Eg undrar meg over banning. Dei som tar seg nær av det argumenterer ikkje med at orda er så (u)heilage at dei påkallar skadelege demonar, men gjerne at bruken av dei er fordummande, og eit teikn på dårleg språk. Motivasjonen dei har for å seie dette er truleg å utøve ein slags sosial kontroll, noko som på sikt slår heilt feil; dette er jo den einaste grunnen til at banning fins—at nokon mislikar det.

Men uansett korleis dei som mislikar banning kjempar for å oppretthalde det—før eller seinare sluttar orda å virke. Vil vi då alltid klare å finne nye ord som har same effekt?

Høyr eit interessant radioprogram om banning i media.

Frie lydbøker og filmar med BitTorrent

Posted in Uncategorized on February 27th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

FOR EI STUND SIDAN nevnte eg at boka Free Culture (Lawrence Lessig) føreligg som gratis group-effort lydbok (*.torrent). Denne er gratis av di forfattaren har frigitt teksten under Creative Commons og ho er lese inn på dugnad etter LibriVox sin modell (kvar bidragsytar les inn eitt kapittel). Det fins også mykje anna slikt materiale tilgjengeleg. Som LibriVox samlar også Project Gutenberg på lydbøker (i tillegg til vanlege e-bøker)—desse vert lesne av enten menneske eller datamaskiner.

FILMAR OG ANNA MATERIALE som er frigitt kan ein finne til dømes hos Public Domain Torrents, som mellom anna har ein del gamle science-fiction-filmar, og Legal Torrents som er ei litt ryddigare side med meir forskjellige ting. Ein kan også finne titlar på IMDb under nøkkelordet public-domain, og så heller søke opp torrents andre stader. Eg har for øvrig foreslått for IMDb å inkludere torrent-funksjonalitet på sidene til slike filmar, noko som utvilsamt ville gitt fleire gamle filmar eit større publikum, men eg trur eigentleg det er for mykje å håpe på.

PS: The Internet Archive har ei enorm mengd filmar tilgjengeleg, men foreløpig  ikkje via BitTorrent.

Om å forstå eit kunstverk

Posted in kommentar on May 28th, 2008 by Mads (admin) – 8 Comments

EIN SVELTANDE HUND vart stilt ut i eit galleri av kunstnar Guillermo Vargas. Eg fekk først augene opp for saka då eg las denne artikkelen for nokre veker sidan, og ikkje minst kommentarane under han. Det er blitt eit utruleg effektivt kunstverk.

DRAPSTRUSLANE er så overveldande mange at eg knapt vil tru det. Folk ønsker ein sakte og smertefull daud over mannen etter å ha lese ein tabloid avisartikkel. Les for øvrig kor bra og nyansert kunstnaren svarar Dagbladet, som faktisk har laga ein rimeleg grei artikkel om temaet — til å vera tabloidavis, vel å merke. Det poppar likevel opp nettstader og Facebook-grupper som vil stoppe «monsteret» og «redde hunden». Det er på eit vis heilt utruleg at så mange millionar menneske kan bli så engasjerte over livet til ein gatehund. Internett gjer det mogleg.

Juanita Bermúdez, the director of the Códice Gallery, stated that the animal was fed regularly and was only tied up for three hours on one day before it escaped.[6][7] Vargas himself refused to comment on the fate of the dog,[7][5] but noted that no one tried to free the dog, give it food, call the police, or do anything for the dog.[5] Vargas stated that the exhibit and the surrounding controversy highlight people’s hypocrisy because no one cares about a dog that starves to death in the street. (Wikipedia d.d.)

DET ER REAKSJONANE og omfanget av dei som gjer dette til stor kunst i mine auger. Som eg nevnte ganske nyleg: «Dersom folk flest bryr seg med å diskutere korvidt noko er kunst eller ikkje — ja, så er det kunst». Objektet «hund» som ein modernistisk skulptur i eit galleri er kanskje ikkje kunst, så eg kan godt skjønne at dei som trur det ikkje forstår noko som helst. Det som er skremmande er imidlertid at lynsjestemninga i dette tilfellet minner meg om Fritzl-saka — begge menn blir kalt «monster». Alt ein kunstnar trong gjere for å oppnå dette var å flytte ein sveltande hund frå gata til eit galleri. Så enkelt at sjølv ein treåring kunne gjort det.

Sommarens syndeflod

Posted in kommentar on August 4th, 2007 by Mads (admin) – 2 Comments

I MORGENBLADET PÅGÅR det for tida ein diskusjon om religion der prinsesser og englar dryp om kvarandre som bensin på helvetes flammer og hyppigare bloggarar enn meg har for lengst sagt kva dei meiner om den saka, mellom andre Avil og Knut. Eg har riktignok slått fast at eg ikkje skal bry folk med mine ti øre om aktuelle saker på denne sida, men no trur eg ikkje det er aktuelt lenger, i alle fall ikkje andre stader enn i Morgenbladet, og det av di det først kom ut i går.

FRAMSIDA VISTE HILLARY som djevel og Märtha som engel. Av ein eller annan grunn hadde dei ikkje laga ein stor, fancy photoshopgrafikk av dei to, men heller klistra opp ein slesk Rimi-Hage som hovudbilete! Er det mogleg? Det er jo trass alt sommar, sjølv om himmelrikets sluser har opna seg over oss. Den andre sommardebatten dreier seg om den såkalla “Olsson-skolen” – ein diskusjon som jamvel overgår religionsdebatten i si tåpelegheit. Dei ei akademiske narrane som diskuterer slikt seriøst burde hånast i gapestokk.

NÅR DET GJELD RELIGIONEN så ligg også denne diskusjonen på sandkassenivå; den klassiske krangelen som handlar om kven som skal bevise at Gud eksisterer og vice versa (jfr. “De troende har bevisbyrden” Morgenbladet nr. 30/07) er i prinsippet lik om han måtte gå mellom 6-åringar eller akademikarar. No har eg riktignok meir sansen for Darwin og Dawkins enn Gud og Jesus, men er det rart himmelen gret for tida? Det har jo heller ingenting for seg å vera ateist lenger når ikkje eingong kyrkja vil ha noko med folk som trur på englar å gjere. Dersom dette bålet skal slokkast trengs det meir enn ein skarve syndeflod. Her er det nok berre å bygge seg ein ark av stråmenn og komme seg unna jo før jo heller.