Posts Tagged ‘Kunst’

Musikalsk-animalsk installasjonskunst

Posted in Uncategorized on April 17th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eg kom over ein video av eit musikalsk kunstverk som involverer fuglar (via no blah blah):

Anna Odell dømt

Posted in Uncategorized on August 31st, 2009 by Mads (admin) – 2 Comments

Anna Odell er kunstnaren som spelte psykisk sjuk og vart tvangsinnlagt. Som følge av at ho ikkje var sjuk på ordentleg vart det rettssak og dom.

Eg har ikkje sett det opprinnelege verket i sin heilskap, berre lese om det i aviser set nokre snuttar og eit kort videointervju med kunstnaren. Det som slår meg er at problemet først oppstår når ho trer ut av rolla. Dersom ho hadde spelt seg frisk igjen ville vi ikkje hatt noka rettssak. Eg veit ikkje så mykje om korleis det er å vera psykisk sjuk, men har inntrykk av at det i somme tilfelle kan kreve litt speling dersom ein skal bli teken på alvor. Kva ellers har eigentleg psykiatrien å gå etter?

Eg lurer også litt på kva som hadde skjedd dersom ho hadde gått ut av rolla då dei kom for å hente henne. Dersom ho, like etter at dei greip tak i armane hennar og byrja å slepe henne mot bilen, ville slutta å gjera motstand for så å sei «Stopp! Eg berre tulla.».

Men sjølv om det skapar tankar rundt skilnaden på galskap og normalitet, i tillegg til å vise fram korleis tvangsinnlegging fungerer i praksis (det kan og må nødvendigvis bli eit slags overgrep), så er eg usikker på om eg får noko meir ut av det opprinnelege verket.

Meir interessante er då reaksjonane som kjem mot Odell: argumentet er at det burde straffe seg å kaste vekk offentlege ressurser på å berre spele sjuk. I dette tilfellet også å sløse vekk offentlege middel på kunst. Dette skal visstnok tilsvare SEK 12 350,- . Det offentlege reagerer med å bruke meir pengar på å arrangere ei rettssak som resulterer i ei bot på berre SEK 2500,- .

Eit galleri på fjellet

Posted in Uncategorized on July 3rd, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Då vi var på veg over Vidden i går kom eg på noko eg nyleg hadde lese om, nemleg at det skulle vera eit kunstgalleri ein stad oppe på fjellet. Etter litt speiding trudde min betre halvdel at eg hadde fått solstikk og hallusinasjonar, men det stilna frå den kanten då vi til slutt fann galleriet eg hadde fabla om – ikkje så langt unna den store masta på Rundemanen. Utstillinga er avbilda på galleriet sin blogg. Kan hende eg postar eit bilete eg tok når filmen er framkalla.

Drit som kunst

Posted in Uncategorized on March 18th, 2009 by Mads (admin) – 2 Comments

Eit vanvittig kunstverk som har gått meg hus forbi er Cloaca av Wim Delvoye—same mann som står bak prosjektet med dei tatoverte grisane, om du har hørt om det.

Cloaca er namnet på ei maskin som produserer avføring. Når ho er utstilt vil ein førsteklasses kokk tilberede to måltid om dagen som blir møysommeleg mata inn i den eine enden. Fordøyingprosessen—som er kjemisk lik den menneskelege—går kontinuerleg, og det ferdige produktet kjem så med jamne mellomrom tytande ut i motsatt ende, der det vert liggande utstilt på ei roterande glasplate slik at folk kan studere det.

Dette blir dermed ein mekanisert versjon av den livsviktige prosessen vi alle nyttar for å ta til oss næring. Resultatet er i prinsippet at folk går i eit kunstgalleri for å sjå noko dei kan lage nett like bra sjølv (dei som pleier å påstå dette når dei er på kunstutstilling vil altså for ein gongs skuld ha rett). Det er for øvrig også ein morosam tanke at maskina kanskje er den einaste i rommet som et gourmetmat kvar dag.

Å stable bananer og henge opp kunst

Posted in petit on March 5th, 2009 by Mads (admin) – 1 Comment

Ein av våre nyaste landsmenn—dette er ikkje mi anekdote, men eg trur han var afrikanar—hadde enno ikkje lært seg språket, men var i alle høve byrja i jobb i ein daglegvarebutikk. I fruktavdelinga. Ei av dei første oppgåvene var å stable bananer, noko han sette i gong med som om han aldri hadde gjort anna.

Etter få minutt kjem ei av jentene som jobbar der springande bort til han medan ho ropar «Nei, nei, nei!». «Ikkje slik» seier ho, og plukkar opp ein klase bananer som ho snur to gonger og legg demonstrativt ned att … «men slik!».  Han hadde stabla bananene med bulen ut og stilken ned, men i denne butikken skal dei altså ligge med stilken opp og bulen inn.

På treet veks imidlertid bananene med stilken ned og bulen ut, så vi kan muligens gå ut frå at denne mannen hadde sett eit og anna banantre i verkelegheita—noko eg ikkje er sikker på at den norske kvinna hadde. Tanken på dette mora meg, og eg kom på ei vandrehistorie eg hørte om ein mann som i årevis hadde hatt eit abstrakt måleri som han var svært glad i hengande på veggen . Då han ein dag hadde ein kunstkjennar på vitjing vart det påpeika at måleriet hang feil veg. Mannen nekta å snu det.

Noko tilsvarande har hend Mark Rothko sine bilete, og det er i alle fall sant.