Eirik skriv litt om haldningar rundt CC-lisensen, og kvifor han sjølv brukar den mellom anna på fotografiene sine. Eg vil her forklare kvifor eg ikkje brukar Creative Commons på mine fotografi.
Teksten du les no er lisensiert under Navngivelse-Ikkekommersiell-Ingen Bearbeidelse 3.0 Norge. Den tillet at folk fritt kan dele innhaldet som det er, så lenge dei krediterer meg og ikkje tener pengar på bruken. Men kvifor kan eg ikkje gjera dette med fotografi? Det ville vel ganske enkelt vore gratis publisitet?
PRO: Mitt einaste argument for å bruke CC er at det tillet folk å vise fram bildene og linke tilbake til meg. Dette er ikkje tillete under normal opphavsrett. Folk flest gir imidlertid faen og deler uansett, og så lenge det er gjort i god skikk er det få som har problem med det. Eg vel i staden å presisere denne typen bruk som eit unntak frå den ordinære opphavsretten. I tilfelle nokon brydde seg om å sjekke.
CON: Svært mange blir forvirra når dei ser ein CC-lisens og det er fort gjort å tru det berre fins ein type, så det vil truleg auka sjansen for misbruk av bildene utan at eg får noko att for det. Det er også til tider svært vanskeleg å skilje mellom kommersiell og ikkje-kommersiell bruk. Mange private nettstader har annonser, og kva om til dømes eit interiørstylingbyrå brukar store lerret med bildene dine på til å pynte opp bustader under visning?
Eit fotografi er i stor grad eit fysisk produkt, og under denne lisensen vil kopiar kunne produserast fritt, både av privatpersonar og ikkje-kommersielle organisasjonar. Riktignok må eg krediterast, men dette har for lite å seie i ein slik samanheng. Eg er difor ikkje interessert i at det skal produserast papirkopiar utan at eg får betalt. No fins rett nok CC+, men det er berre eit tillegg for kommersiell lisensiering og hindrar ikkje framstilling av kopiar.
Dei som spør meg om å få bruke eit bilete vederlagsfritt må dermed sjå seg om etter noko anna, og etter kvart som CC har blitt meir utbreidd har det også minka på desse forespørslane. Det same har skjedd med dei som er villige til å betale. Men sjølv om det er vanskeleg å selge bilete treng ein vel ikkje gi dei bort?
Fleire argument: