Posts Tagged ‘humor’

Alt er utruleg, men ingen er nøgde

Posted in notis on April 24th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eg kom over denne fantastiske kommentaren om kor fort vi blir blaserte i høve til teknologi:

Ruggesteinen som ikkje rugga

Posted in petit on April 2nd, 2009 by Mads (admin) – 6 Comments

Eg hørte på programmet til Atle Antonsen og Johan Golden, der dei mellom anna nevnte eit lokalt TV-innslag frå sørlandet om ein ruggestein som ikkje rugga lenger. Ein meinte det var sabotasje, men så rugga han visst likevel—det var berre litt mindre enn før.

Det første som slo meg var at det er ein svært underleg ting å vera oppteken av steinar som ruggar—sjølv om det er snakk om ein av dei største i sitt slag (for ordens skuld er det ikkje ein ruggestein dersom han ikkje kan ruggast av ein person åleine).

Men så tenkte eg at det er jo fint at nokon kan sette pris på steinar som ruggar. Nokre få i alle fall. For dersom det vart for populært ville jo folk ta til med å lage sine eigne ruggesteinar—til å ha i hagen og slikt—og då ville vi hatt det gåande.

+ (03.04.09) Eg kom også over dette heilt fantastiske ruggestein-innslaget:

+ Og her er jammen også det nevnte ruggestein-innslaget:

Patentsøknad: Snåsabilen

Posted in Uncategorized on March 10th, 2009 by Mads (admin) – 7 Comments

Patentstyret
Postboks 8160 Dep.
0033 Oslo

Mads Iversen
Sparebanksgaten 44
5017 Bergen

Eg søker herved patent på produktet «Snåsabilen».

Arbeidsteikning, snåsabilen

Arbeidsteikning, Snåsabilen

PRODUKTSKILDRING: Privatbil som går på «snåsakraft», jfr. Kolloen (2008)

MÅLGRUPPE: Det er ein forutsetnad av brukar har «varme hender», men kven har ikkje det no til dags?

VIRKEMÅTE: Energien vert fanga opp frå hendene via eit væskefylt ratt som er kopla saman med eit pumpesystem med turbin og generator—etter same prinsipp som til dømes ein atomreaktor. Elektrisiteten som vert produsert går til ein elektromotor som driv bilen framover (sjå arbeidsteikning).

FORDELER:

  • Bilen nyttar ei svært klimavennleg energikjelde.
  • Han vil aldri få motortrøbbel grunna den konstant helbredande krafta, noko som medfører låge vedlikehaldskostnader.
  • Ein slik bil vil vera tryggare i trafikken sidan du må halde begge hendene på rattet for at han skal virke (også ein god motivasjon for å skaffe hands-free).

ØVRIG POTENSIALE: Ein eventuell hybridmodell vil også ha drivstofftank for «snåsavatn».

Add to FacebookAdd to DiggAdd to Del.icio.usAdd to StumbleuponAdd to RedditAdd to BlinklistAdd to Ma.gnoliaAdd to TechnoratiAdd to FurlAdd to Newsvine

Barndomsheltar og spesielle evner

Posted in Uncategorized on February 26th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Joseph PujolVED SIDAN AV Galileo Galilei var Joseph Pujol (1857 – 1945) ein av min barndoms store heltar. Eg hadde berre lese om han i ei bok, men hugsar framleis at han kunne fise så hardt at det blas ut eit levande lys på fleire meters avstand.

HAN KALTE SEG FJERTOMANEN, eller Le Pétomane, og av andre triks kunne han til dømes koble ei fløyte til rumpa ved hjelp av ein slange og spele lange melodiar for publikum. Kvar gong eg las om dette vart eg slått av ei grenselaus beundring for denne mannen, men uansett kor mykje eg øvde vart eg aldri i stand til å gjenta ei einaste av hans mange bragder. Han var nok meir anatomisk disponert, og eg innsåg etter kvart at eg aldri kom til å bli profesjonell prompar.

«When he joined the army he told his fellow soldiers about his special ability, and repeated it for their amusement, sucking up water from a pan into his rectum and then projecting it through his anus up to several yards. He then found that he could suck in air as well» (Wikipedia d.d.)

ETTER KVART SOM eg vart eldre mista eg også interessa for promping—ofte er det diverre slik å bli vaksen—og eg hadde eigentleg i stor grad også gløymt heile fyren inntil eg for ei tid attende kom over eit klipp frå ein kortfilm som er laga om han i 2005.

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=1Bo3CLWBL2I]

DET ER FRAMLEIS vanskeleg ikkje å bli overmåte entusiastisk over at ein mann faktisk hadde promping som levevei, og filmen ser verkeleg ut som ein kuriositet det er verd å få med seg—kunne eg berre få tak i han. Det fins for øvrig også ein annan film frå 1979, som ikkje har blitt distribuert på video, men heile litt ute på YouTube. I tillegg er det laga ein dokumentar i 1998.

Nynorskbrukaren—ei sosiologisk karakterskildring

Posted in kåseri on February 11th, 2009 by Mads (admin) – 7 Comments

Nynorsk har eit imageproblem. Det er utbreidd oppfatting at nynorskbrukarar ikkje er riktig navla, og kanskje er ikkje dét så langt frå sanninga.

Han saag ut paa dei steinutte Strender;
det var ingen, som der hadde bygt.
— Ivar Aasen, Nordmannen (1863)

I 1834 REISTE DEN ENGELSKE marineløytnanten William Henry Breton til Noreg med seilskip og kunne alt før han steig i land konstatere at den «ville og værbitte kyst bærer preg av håpløs goldhet». Turen for øvrig gjekk med til å klaga over bøndene sine vulgære matvaner, skitne hus og generelle drukkenskap. Om Bergen kunne han bemerke at omfanget av spytting innandørs gjorde det umogleg å ha tepper på golva.

NYNORSK ER HOVUDSAKLEG eit vestlandsfenomen, og sidan vestlendingar følgeleg levde som kulturelle einstøingar allereie før Nynorsken vart oppfunnen (i 1840-åra) kan vi ikkje legge skulda for det vestlandske lynnet på skriftspråket. Med eit slikt utgongspunkt har det uansett lite å sei med eit par språklege utfordringar frå eller til. Språket må imidlertid bera preg av det samfunn det har blomstra ut frå, og vestnorsk geografi er ikkje det som gir den største grobotnen for blomar. Kanskje er det nettopp difor vi har omfamna denne kuriøse blomsten av eit språk som vår eigen? Dét, og tronga til ytterlegare å isolere oss frå naboen. 

NYNORSKBRUKARAR BUR ÅLEINE i trekkfulle hus og travar dagstøtt rundt i tunet iført grå, loslitne lusekofter. Det fins ingen plausible hypoteser rundt korleis dei formeirar seg, men statistikken tilseier at dette er noko dei er særs dårlege på. I staden held dei i hevd sine trauste fritidssysler, som til dømes å kløyve ved—eller å slå plenen med ljå. Ein sjeldan gong ser dei fjernsyn, men då gjerne gjennom stoveglaset til naboen og utelukkande program som tilhøyrer NRK si nynorskkvote. Desse programma handlar gjerne folk som bur på stader der ein eigentleg ikkje skulle tru at nokon kunne bu—noko einkvar nynorskbrukar kan kjenne seg att i. Særleg når det handlar om austlendingar. 

«Nordmennene bygger i sannhet sine boliger på de merkeligste steder.» —William Henry Breton, engelsk turist, 1834

EIN GONG VAR NYNORSKEN progressiv og nyskapande, og mållaget var ein gjeng hippe, muligens absintdrikkande, raddisar som på uforståeleg vis i 1885 presterte å få likestilt landsmaal—eller sidemål, som dei fleste kallar det i dag—med bokmål. Rett nok var dei allereie progressive på ein bakstreversk måte, men sidan dette prinsippet låg latent i den nasjonalromantiske idéen kunne ikkje dei åleine klandrast for det, i alle fall ikkje i starten. Det er imidlertid breid einigheit om at nasjonalromantikken gjekk av moten rundt 1850, og at mållaget og målungdommen—eventuelt gamlisungdommen no til dags—er ei beundringsverdig sta gruppering, utan at det på nokon måte er ein indikasjon på sjølvinnsikt. 

DET BLIR IKKJE BETRE av at deira einaste støttespelar, Språkrådet—som for øvrig også slit med bakkekontakten—omtalar Nynorsken som «kulturarv»; det vil seie noko som treng å få stønad kun fordi det er gammalt. Det er ikkje utan grunn at ein ser så mange grytelappsamlande nynorskbrukarar på Norge Rundt, eller skal vi ikkje berre kalle det Noreg Rundt, først som sist, kven er det vi prøver å lure? Ytterlegare modernisering av språket kjem uansett ikkje på tale så lenge Nynorsk minner mest om ei liberal form for bokmål. Målfolket ser følgeleg bokmålsspøkelser ved høglys dag og oppfattar eikvart forslag til nye språklege former som mytteri og assimileringsforsøk. 

DIFOR ER NYNORSKBRUKAREN i dag ein nasjonalromantisk fossil. Ein gammal soldat som lid av ei standhaftig overtyding om at det framleis er krig, eller strid, som det heiter. Ein figur som, sitjande i den knirkande tømmerhytta si, lyttar til tikkinga av det gamle vegguret medan han stirrar ut glaset, i håp om at det skal koma ein stakkarsleg, men muntert plystrande, bokmålsbrukar forbi, så han kan gå ut og hytte med neven og servere vedkommande eit lynkurs i sidemålets meir ufine klammeformer.