Posts Tagged ‘fotografi’

Folk på bruer

Posted in bilete on July 13th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Folk på kanalbruene i København, fotografert frå ein turistbåt.

Bridges 1

Bridges 2

Bridges 3

Bridges 4

Solo Photo Book Month

Posted in Uncategorized on June 25th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

I år som i fjor har eg delteke i det uhøgtidelege nettarrangementet Solo Photo Book Month, der poenget er å produsere ei fotobok på ei månad. Det er vel nesten ei veke att av mi tilmålte tid, men eg fann ut at det var ferdig no. Den første idéen min rota seg litt til, så det blei langt frå så strukturert som forrige gong. Sjå og døm!

Korskirken, panorama

Posted in bilete on May 24th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Ein av samlingsplassane til nabolagets lause fuglar, men i dag var det tomt. Klikk for stort.

Korskirken

Barn som badar

Posted in bilete on December 30th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Barn som badar
Barn som badar, Romania (2008) | stort

Noko av det som uroar meg mest ved enkeltfotografiet er den ekstreme subjektiviteten. Det fins sjølvsagt mange fotografi som mange umiddelbart gjenkjenner som interessante, om enn av overflatiske årsaker. På ei anna side — kva slags kvaliteter har eigentleg eit fotografi, om ikkje overflatiske? Så er det dei bileta som lenge blir ignorert eller avvist, før ein plutseleg gjenoppdagar dei og finn ein besettande kvalitet. Når eg har vist slike bilete til andre har dei sjølvsagt avvist denne. Bileta manglar det meste; det fins inga spesifikk referanseramme utover det allmenmenneskeleg gjenkjennelege.

Dei små bitane av kvardagsliv som på eit eller anna nivå hever seg over kvardagen er fotografisk utarma territorium. Tanken om at eit bilete av badarar henviser til den allmenne og tidlause idéen om bading er ikkje spesielt interessant over tid. Eg er dessutan usikker på kva Platon ville meint om fotografi. Aristoteles hadde nok likt det. Biletet av badarane hadde eg gløymt til eg skulle scanne nokre gamle papirkopiar i går. Av ein eller annan grunn festa eg meg til guten som ligg på rygg i elva, og deretter på menneska i bakgrunnen, som ser ut til å vera nakne — noko eg ikkje la merke til då eg tok biletet — og kroppen som svømmer på rygg litt framfor desse, og nærast ser ut til å vera under vatnet.

Meir solargrafi

Posted in bilete on December 29th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eit par tre månaders eksponeringar:

Fiskevatnet
Fiskevatnet, Tysnes (2009)

Solar
Vågstjødna, Tysnes (2009)