Eit galleri på fjellet
Posted in Uncategorized on July 3rd, 2009 by Mads (admin) – Be the first to commentDå vi var på veg over Vidden i går kom eg på noko eg nyleg hadde lese om, nemleg at det skulle vera eit kunstgalleri ein stad oppe på fjellet. Etter litt speiding trudde min betre halvdel at eg hadde fått solstikk og hallusinasjonar, men det stilna frå den kanten då vi til slutt fann galleriet eg hadde fabla om – ikkje så langt unna den store masta på Rundemanen. Utstillinga er avbilda på galleriet sin blogg. Kan hende eg postar eit bilete eg tok når filmen er framkalla.