Posts Tagged ‘film’

Filmtips: Dogtooth

Posted in omtale on July 28th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Den greske filmen Dogtooth som går på Konsertpaléet for tida er absolutt verd å få med seg. Då eg såg han var vi vel omtrent ti-femten personar i salen, og to av dei forsvant i løpet av det første kvarteret. Ein utfordrande og inspirerande film. Eller … kanskje ikkje inspirerande er det rette ordet. Denne filmen sette i alle fall langt meir markante spor enn Inception, som eg såg dagen før.

Favorittfilmar: Blow-Up (1966)

Posted in omtale on August 21st, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eit eller anna ved filmen Blow-Up (1966) fengar meg stort. Den handlar om ein litt arrogant motefotograf som tilfeldigvis fotograferer eit mord, noko som skjer i eit behageleg tempo i eit spennande filmunivers. Det er ein slik film som eg gjerne går og tenker på lenge etter at eg har sett han. Eg skulle lagt inn traileren her, men den er crap. Sjå heller filmen.

Korleis diktatorar lagar film

Posted in Uncategorized on May 26th, 2009 by Mads (admin) – 1 Comment

«Kjære leiar» i Nord-Korea, Kim Jong-il, er visstnok veldig glad i film (i tillegg til damer og sprit, sjølvsagt). På syttitalet vart han imidlertid misnøgd med kvaliteten på dei nord-koreanske skodespelarane etter å ha sett kva slags filmar dei hadde i Sør-Korea. Der var det særleg skodespelarinna Choe Un-Hee han sette pris på.

Difor ordna han i 1978 ei kidnapping, slik at ho i staden kunne lage filmar i Nord-Korea. For å få enno betre resultat henta han litt seinare også mannen hennar, filmregissør Shin Sang-Ok. Ved å halde desse to i husarrest fekk han til dømes laga ein nord-koreansk versjon av Godzilla, nemleg Pulgasari (1985) [bittorrent / streaming]. Eg trur det er fare for at denne må sjåast i kveld.

Meir om filmen her.

RIP: A Remix Manifesto

Posted in Uncategorized on May 16th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

I går såg eg filmen RIP: A Remix Manifesto (imdb), som går for å vera ein morsom dokumentar om opphavsrett. Og det er den, i tillegg til at problemer og argument blir veldig klart og tydeleg presentert. Lawrence Lessig, som eg tidlegare har lese, er også med i filmen.

Filmen handlar ein del om mashup-videoar, og eg kom dermed over ein bra ein som eg ikkje hadde sett før. George W. Bush slik vi gjerne ville hørt han:

Traileren til The Road er her

Posted in omtale on May 15th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Traileren til The Road er her! Når det kjem til boka The Road, så likte eg den betre enn No Country for Old Men, av same forfattar. Sjølv om begge er gode romanar, så har den første noko heilt eige ved seg. Sistnevnte vart imidlertid ypperleg filmatisert av Coen-brørne, og det spørs om ikkje det også er ei bok som egnar seg betre for filmatisering enn kva The Road gjer. Eg er spent på å sjå korleis det blir, men det ser ikkje heilt bra ut.