Posts Tagged ‘by’

Underjordiske spøkelsesbyar

Posted in Uncategorized on April 29th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eit blogginnlegg om spøkelsesstasjonar på t-banen minna meg på Miru Kim, som fotograferer seg sjølv i slike forletne urbane rom, til dømes på ein nedlagt metrostasjon i Paris, eller på obduksjonsbordet i eit nedlagt sjukehus. Vi gløymer at desse stadene fins, men det må vera utruleg mykje spanande å sjå som vi aldri får sett. Kanskje fins det særleg mange slike stader like under overflata på byar som New York og Paris.

Miru Kim har presentert prosjektet sitt på TED:

Paraplymennesker

Posted in bilete on December 10th, 2007 by Mads (admin) – 4 Comments

DSCF5475

SOM ALLE DESSE framande augene passerer meg og ser på meg men aldri ser meg ser eg dei. Ville nokon andre vore her viss ikkje eg?

DSCF5468

DSCF5483

HAGL

Det var ein dag det regna og hagla så hardt at eg fekk ei dirrande kjensle i kroppen og regnet hadde rasa over oss i dagevis, men haglet storma i meg og eg opna glaset og såg det altoppslukande suset av peprande hagl ta pusten frå meg og det var noko som reiv av meg alle kleda og eg sprang ut i gata og strekte alle armane oppover medan haglbitane skaut i huda mi og heile kroppen min kribla inn til beinet og eg la meg ned på bakken og kneip augene att medan dei harde hagla storma vilt nedover brystet mitt og magen min og andletet mitt og eg ikkje lenger kunne kjenne kva som var meg og kva som var
hagl.

DSCF5461

[ Fotografert til ein reportasje der det vart nytta Leonard Cohen-sitat som bilettekstar. Eg har forresten skrive om Cohen her. ]

Ein kort tekst om kontekst

Posted in Uncategorized on November 24th, 2007 by Mads (admin) – 4 Comments

NÅR EG TAR BUSSEN irriterer eg meg stort over at augene mine stadig klistrar seg til desse digital posters-skjermane som heng overalt. Gjerne med annonser for kvakksalveri (eller “alternativmedisin”, for dei lettlurte) akkompagnert av bilete som skal illustrere velvære og lukke. Det har aldri vore så mange fotografi rundt oss som no, dei er snart meir vanlege å sjå enn sjølve verkelegheita. I alle fall kjennest det slik. Fotografiet er i kvardagen vorte eit ytterst flyktig medium, og då ikkje berre på bussen, men også i særleg grad på Internett. Den beste måten å presentere noko slikt som eit kunstfotografi, utan å kalle mitt fotografi over her for kunst (men det er i alle fall ikkje reklame), er nok å henge det opp på eit venterom, eller ein annan stad der nokon har tid til å sjå på det (den gjennomsnittlege betraktingstida for kvart verk i eit galleri er visstnok hårreisande kort). Kanskje helst ein stad der folk byrjar å lure på kvifor det heng. Det er ikkje det at eg aldri har lurt på det same når eg har vitja kunstgalleri, men det er jo først det blir ekte kunst.

I DET OFFENTLEGE BYROMMET gir tydelegvis folk blanke i det meste: for ei tid attende stilte ein av verdas mest anerkjende fiolinistar, Joshua Bell, seg opp og heldt konsert i morgonrushet i Washington D.C. — på ein ekte Stradivarius. Over tusen menneske passerte, sju stogga. Resultatet er ein interessant artikkel, med video av stuntet. Ville du ha stogga og hørt på i denne situasjonen?

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=hnOPu0_YWhw&rel=1]

EG SKAL DERIMOT ikkje seie at bussen er uegna for kunst — folk har jo gjerne eit par minutt til overs når dei sit på bussen, og det har jo hengt poesi der tidlegare, utan at han har gjort for mykje av seg. Nokon (det blir vel staten) burde teke affære og kjøpt opp reklameplassen til slike føremål. Ein buss kan fort bli eit rullande kunstgalleri med høge vitjingstal, noko som i sin tur kanskje ville fått fleire til å ta bussen (neppe, men kanskje). Reklame er irriterande uansett om det er på utsida eller innsida av bussen, eller andre stader for den saks skuld. Særleg den som kjem før filmen på kinoen (og aukar i omfang kvar gong billettane vert dyrare) — der kunne ein jo vist kortfilm i staden. Ein annan lur stad trur eg kan vera inne i heisar. For ikkje å snakke om på ferjer, der folk oppheld seg lenge, og det berre heng bilete av gamle båtar og siste nytt i pølser. Eg forstår ikkje kvifor ingen stiller ut på ei ferje — det skal i alle fall eg forsøke dersom eg har noko å stille ut ein gong.

I EI TID DET FOLK kan Grandiosa-sangen utanåt trur eg uansett det er på tide å ta ned all reklamen og kanskje stue han vekk i eit kunstgalleri, til dømes.

Nytt kamera, første rull

Posted in bilete on November 19th, 2007 by Mads (admin) – 4 Comments

Dame som hoppar tau

EG HAR SKAFFA meg eit nytt kamera som går på film, og no har eg fått tilbake den første rullen. Biletet over er av ei mor og dotter — det er mora som hoppar tau. Eg har ikkje særleg god filmscanner, men eg tykkjer støvet gir ein nostalgisk verdi, i tillegg til at det forklarar kvifor fargedynamikken og biletkvaliteten er så amputert. Spanande å fotografere med er det i alle fall — det nye kameraet. Eg har fotografert ting eg ser i byen.

Due som er daud

EG FOTOGRAFERTE først ei due og så hunden til ei dame som prata i telefonen. Ho snudde seg og såg rart på meg, men eg berre gliste som eit fjols før eg gjekk vidare. Eg trur eg gliste for mykje, for det verka som om ho trudde eg var heilt fjern. Det er dama sin skugge på biletet. 

Hunden til ei dame som prata i telefonen

Ekspresjonistiske gatefotografi

Posted in bilete on November 9th, 2007 by Mads (admin) – 1 Comment

 Nedre Ole Bulls Plass 17.10.07 18:29  Byparken 16.10.07 15:20

SOM EG SKREIV tidlegare har eg eit lite fotoprosjekt på gong, der eg freistar å utforske gatefotografiet. Kriteria har til no vore at eg berre nyttar digitalkameraet mitt (30D) og ei simpel 28mm-linse (tilsvarer her normalobjektiv). Eg ser aldri gjennom søkaren, fokuserer på måfå, alle bileta er svart/kvitt, ubeskårne og i ståande format. Eg har hatt med meg kameraet når eg har gått der eg vanlegvis går og stort sett berre skote i hytt og pine, så diskret som det kan gjerast med eit spegelreflekskamera. Bileta i denne posten er mine favorittar blant dei som til no er lagt ut. Eg merkar at eg ikkje likar alle med ein gong, men etter å ha sett på dei nokre gonger, så er det eit eller anna der. Ekspresjonisme.

EG ANAR IKKJE kvifor bileta blir slik dei blir og det er minst ti ødelagte for kvart publiserte, men det krev ikkje særleg stor innsats, sidan det er såpass impulsivt. Eg kan utfordre mitt eige biletsyn i blinde. Det er særleg interessant å ta slike bilete når det regnar og bles ute, men det er ei utfordring å halde kameraet tørt. Foreløpig tykkjer eg det oppstår ein interessant samanheng mellom motiva, sidan dei er så prinsipielt samanhengande, så eg må halde fram ei stund for å sjå om det blir til noko. Ein annan presentasjon av bileta kan ein sjå her. Ellers har eg mange bilete liggande, så det blir ikkje stopp med det første, men kom gjerne med kritikk.

PEIK PÅ bileta for å sjå tid og stad, klikk på dei for å gå til bloggpost.