Posts Tagged ‘bok’

Ein rosa elefant i rommet (med kurerande krefter)

Posted in Uncategorized on January 8th, 2009 by Mads (admin) – 1 Comment

DET FINS EIN ROSA ELEFANT. Han bur i Grong i Nord-Trøndelag, og er svaksynt. Brillene han brukar er magiske og kan kurere sjukdom.

Oppgåve: Korleis går menneskeheita fram for å finne ut om dette kan stemme?

1. Kontrollert test.
2. Konspirasjonsteoriar, tåkelegging og vage, pseudovitskaplege forklaringar.

NÅR EG SER PÅ DESSE to alternativa kan eg ikkje unngå å tenke at det burde vera rimeleg enkelt å sjå kva som er lurast. Likevel er det påfallande mange som går på snørra og vel det siste, oftast under påskot av «at evnene er uforklarlege». La meg bruke eit døme frå ein liknande debatt.

«(…) vitenskapelige metoder slik vi kjenner de i dag er for snevre til at den kan bevise det vi kaller “uforklarlige hendelser”» —dineVibber

LA MEG FORMULERE dette litt enklare: «Vitskap kan ikkje bevise trolldom». Ingen sensasjonell påstand—det ligg liksom i ordet.

trolldom -men (norr trolldómr)
1 overnaturlig evne el. kraft øve t-

SÅ KJEM VI TIL DEN vesentlege nyansen som her skiller sakleg meiningsutveksling frå irrelevant avsporing. «Vitskap kan forklare det vi trur er trolldom».

Bokomslag

Bokomslag

VI KAN SKAFFE OSS systematisert kunnskap om effektene av det elefanten foretar seg. Det er ikkje eingong spesielt vanskeleg. Diverre nektar den rosa elefanten å la seg utsette for ein kontrollert test, sidan biografien hans sel så bra for tida.

BIOGRAFIEN TIL ELEFANTEN er skriven av ein kjend forfattar som påstår at han heile tida har vore skeptisk til brillene sine evner, og difor har skrive boka på ein mest mogleg nøktern måte (for ikkje å farge folk si oppfatting av det som hender). Riktignok har heller ikkje han teke initiativ til ein kontrollert test, men han har testa elefanten på ein kompis som har erfaring med bevis; ein advokat. Han var imidlertid ikkje sjuk sjølv, så elefanten måtte ty til eit korttriks, men det gjekk greit. Krava til bevis er ikkje så strenge i retten her til lands. Eit korttriks beviser det meste: vi har åpenbart med trolldom å gjera.

RELATERTE DEBATTINNLEGG:

Religionskritikk med alvor og humor

Posted in Uncategorized on October 19th, 2008 by Mads (admin) – Be the first to comment

DR. STEPHEN UHL praktiserte som katolsk prest i elleve år før han forkasta trua si og omskolerte seg til psykolog. Han er no ein gammal mann som angrar sine synder (som prest), og har difor skrive bok om temaet. Boka Imagine no Superstition er tilgjengeleg som lydbok i podcast-format.

BOKA ER IKKJE berekna på meg, som har vore heidning sidan dag ein, men eg vart nyfiken. Kva skjer i hovudet på eit menneske som i ein alder av 35 år innser at han har basert livet på meiningslaus overtru? Det står i alle fall respekt av å innrømme det for seg sjølv og sine kyrkjegjengarar.

SÅ EG HØRTE LITT PÅ BOKA, og det er ein god tekst som både underheld og inviterer til refleksjon. Her fins det eit litt anna perspektiv enn til dømes i bøker som The God Delusion eller God is Not Great, men mannen er likevel blitt svært religionskritisk på sine gamle dagar. Han oppfordrar imidlertid til religiøs toleranse, i motsetnad til Dawkins og Hitchens.

BILL MAHER er ein annan religionskritikar, som er aktuell med filmen Religulous. Denne filmen er rett og slett ein dokumentar om kor latterleg religion er.

[youtube=http://www.youtube.com/watch?v=qB8fPJ6zds8]

EG SÅG RELIGULOUS BIFF i dag, og må innrømme at hånlatteren sat laust. Eg tok også meg sjølv i å le høgt av ting som eigentleg er ganske alvorlege. Det er nok litt spesielt at det kjem ein så direkte religionskritisk film med så breid appell i USA, og eg tvilar ikkje på at det kjem ein del reaksjonar.

Går planeten til helvete snart?

Posted in Uncategorized on April 27th, 2008 by Mads (admin) – 1 Comment

James Lovelock

Om J. Lovelock og Gaia-teorien:

NORGE OG STORBRITANNIA vil i følge James Lovelock vera mellom dei einaste bebuelege stadene i Europa ved utgongen av dette hundreåret. Dersom det blir så varmt at Golfstraumen kollapsar vil klimaendringane bli mindre her oppe — men resten av Europa vil vera ein aude ørken. Spørsmålet er ikkje kvar vi skal dyrke biodrivstoffet, men kvar vi skal dyrke maten.

«80% of humans will perish by 2100 AD, and this climate change will last 100,000 years»James Lovelock

The Revenge of GaiaLOVELOCK ER MANNEN BAK den framleis kontroversielle Gaia-teorien, som tidlegare har vorte kritisert av mellom andre Richard Dawkins (link). Han er også vitskapsmannen som først oppdaga problema med KFK-gassar i atmosfæra, og som då han i 1965 vart spurt om korleis verda ville vera i år 2000 forutsåg «(…) significant environmental changes affecting the planet». Det burde difor vera grunn til å ta mannen på alvor, og i forfjor kom han med boka «The Revenge of Gaia», som er nært ein slags dommedagsprofeti over menneskeheita.

«By 2040, parts of the Sahara desert will have moved into middle Europe. We are talking about Paris – as far north as Berlin» – James Lovelock

KVIFOR BYRJAR EUROPA no å byggje kolkraftverk? Rett nok meinar Lovelock at tida for bærekraftig utvikling er forbi, men det tyder ikkje at vi treng akselerere prosessen. Det er gale nok at folk i Kina og India opnar nye kolkraftverk kvar veke, men vi bør i alle høve bruke kjernekraft framfor kolkraft så lenge moglegheita fins — det faktum at kjernekraftverk ikkje produserer CO2 bør vera grunn god nok til å akseptere dei øvrige biproduktene. Vi kan uansett alt ha passert terskelen der vi har gjort oss avhengige av vår eigen teknologi for å halde klimaet stabilt*. Kjernekraft er dessutan ufarleg samanlikna med vasskraft. Dødelegheita per terrawatt-år for kjernekraft mellom 1970 og 1992 var 8. Til samanlikning er talet for kolkraft 342 og for vasskraft 883. (Lovelock:2006:131)

TRULEG ER VI INNE I ei av jorda sine naturlege klimareguleringar, men denne er muligens utløyst av menneskeleg aktivitet og vil akselerere som følge av positiv feedback. Til dømes vil oppvarming av havet medføre færre alger, noko som i sin tur frigjer meir karbon og fører til varmare hav. I likskap med ein populasjon av dyreartar som har utvikla seg gjennom gjensidig evolusjon vil bortfallet av eit ledd dra med seg eit anna.

[youtube=(http://youtube.com/watch?v=nGDfafmX6H8)]
Korleis positiv feedback fungerer i klimasamanheng

BIO-DRIVSTOFF ER ein annan meiningslaus idé. Ikkje berre av di vi alt no har problem med å dyrke nok mat til alle, men også at det ikkje kjem til å løyse noko CO2-problem — tvert imot. Det er ein pur politisk gimmick. Eit døme på eit lite gjennomtenkt argument for biobrensel er at ein kan lage det av landbruksavfall, men dette vil jo frigjere karbon som vanlegvis ville gått attende til jorda i form av gjødsel og/eller fór. Korleis skal ein uansett få produsert nok? Det enorme kulturlandskapet er i seg sjølv eit klimaproblem, sidan det som regel kunne vore stabil skog der i staden for korn.

I FØLGE GAIA-TEORIEN vert vekselverknadene mellom ishus (istid) og drivhus (no) foråsaka av mellombels samanbrot i jorda si evne til å regulere seg sjølv. Eitt argument frå «klimaskeptikarar» er at variasjonar i solstrålinga foråsakar mykje av klimaendringane, og dette er jo riktig. Sidan livet oppstod har solstrålinga auka i intensitet med omtrent 25% (sola strålar sterkare ettersom ho eldast). Dette tilsvarar ei aukning i jorda si overflatetemperatur på 20ºC (Lovelock:2006:80), men denne skilnaden ville gjort jorda til ein daud planet, som Mars — i staden er skilnaden mellom istid og notid er 4ºC. Sjølv om sola påverkar klimaet på jorda langsiktig (samt i ulike kortare fasar) er det sjølvregulerande faktorar i atmosfæra som styrer resultatet (ishus og drivhus). Dette er faktorar vi kan påverke. Det er uunngåeleg at klimaet vårt kollapsar når jorda snart går permanent over i eit varmare stadium, men vi vil helst ikkje at det skjer for tidleg.

* Menneskeskapte partiklar/aerosolar i atmosfæra avgrensar til ein viss grad sola si innstråling. Dersom vi stoppar alle utslepp må vi kompensere for dette slik at det ikkje brått skal bli varmare. (Lovelock:2006:72)

RELATERTE LENKER:

Boklogg: The God Delusion

Posted in Uncategorized on March 31st, 2008 by Mads (admin) – 3 Comments

The God DelusionEG HELD FRAM med å plukke ut noko bra eg har lese kvar månad (sjå januar + februar). Denne månaden vert det nok Richard Dawkins, til trass for knallhard konkurranse frå mellom anna Njålssoga.

EG ER I utgongspunktet rabiat antiteist, men eg starta likevel å lese The God Delusion med eit litt kritisk blikk, sidan eg hadde hørt så mange ulike ting om boka. Dei brillene la eg etter kvart til sides, for dette er ei svært velskrive, underhaldande og innhaldsrik bok, som vert betre og betre heile vegen. Eg har hørt og lest Dawkins om religion tidlegare, men det er noko heilt anna å få alle samanhengane presentert i bokform. I tillegg er det ein ny seksjon for denne paperbackversjonen der Dawkins svarar på ein del av kritikken som er kome i etterkant av boka.

Michel Onfray VERD Å FÅ MED SEG: NRK snakka nyleg med Dawkins i Bokprogrammet: Befri oss fra Gud (NRK Nett-TV, 25.03.08). Her snakkar dei også med den franske filosofen Michel Onfray, som eg enno har til gode å lese boka av (Vi trenger ikke gud: en håndbok i ateologi). Eg møtte han imidlertid då eg var på foredraget hans i Bergen i fjor, og fotograferte han saman med eit stearinlys.

EIN ANNAN ATEIST det kan vera verd å få med seg er Christopher Hitchens. Han er verkeleg ein herleg arrogant jævel, og ein ganske briljant og uslåeleg debattant. Eg las denne månaden også hans bok, God Is Not Great: How Religion Poisons Everything. Veldig interessant, og Hitchens er kanskje meir politisk og skremmande enn Dawkins, i tillegg til at han truleg også har ei større forakt for verdsreligionane. På toppen av det heile har han ein bror som er konservativ kristen. Det kan heilt sikkert vera interessant å få med seg duellen mellom dei to brørne (video-trailer), som går føre seg 3. april:

Brothers Christopher and Peter Hitchens, both journalists and authors, couldn’t be more different and are bitterly divided. A friend to both said, “one is a conservative, traditionalist, church-going Anglican; the other a liberal, louche, drinking-and-smoking atheist.” The brothers, throughout a long estrangement and recent reconciliation, have clashed in print on many issues.

TIL SLUTT eit par anbefalte linkar:

Boklogg: Everyman og The World Without Us

Posted in omtale on March 5th, 2008 by Mads (admin) – 1 Comment

AV OG TIL les ein bøker som det er verd å eksponere si begeistring over.

> JANUAR Everyman (Philip Roth, 2007)

Ein roman om kroppsleg forfall og død. Høyrest kanskje ikkje så kult ut, men det er rett og slett ein heilt ekstraordinært god roman. Her er eit radiointervju der forfattaren snakkar om boka. Eg likar også at omslaget minner om ein gravstein. Favorittbok.

-
-

> FEBRUAR The World Without Us (Alan Weisman, 2007)

Kva skjer dersom menneska forsvinn? Idéen kom opp i samband med ein artikkel forfattaren skreiv om naturen rundt Tsjernobyl. Ved å forklare kva som skjer med verda rundt oss, dersom alle menneske forsvinn på ein gong, skapar han ein fascinerande og uhyggjeleg illustrasjon over kva innverknad menneskeheita har på naturen. Ein glitrande idé som eg fall for umiddelbart, og resultatet er ei bok som mykje truleg kjem til å være blant mine favorittar i lang tid. Det fins også ei eiga nettside.