Posts Tagged ‘bergen’

Nostalgisk togtur eller samfunnsnyttig sykkelveg?

Posted in bloggpost on August 30th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Det sluttar aldri å forundre meg korleis enkelte er villige til å kjempe med nebb og klør for å ta vare på gamle «kulturminne» til fordel for framtidsretta nytteverdi. Eit hårreisande døme er reaksjonane på gjentekne forslag om at Vossebanen, ein jernbanetrasé som ikkje er i bruk (!), skal omgjerast til sykkelveg. I staden vil ein gjeng museumsfolk ha eit veterantog gåande der, utelukkande på søndagar og i sommarhalvåret.

«Det er vandalisme og historieløst å komme med et slikt utspill. Det blir som å si at alle de tomme kirkene skal gjøres om til sykkelparkering.» – Ivar Johan Gubberud

Og, dei ønsker å forlenge traséen.

«Vi ønsker å tilbakeføre sporet til Nesttun, slik at traséen bli ytterligere 1 kilometer. Da får vi også gjenopprette stasjonen på Nesttun.»

WTF? Som om ikkje denne byen har nok av gamle «kulturminne» som tar opp plassen for moderne og nyttige ting. Det er sjølvsagt fint med eit samfunn som også kan ta seg råd til å blidgjere dei som har smale interesser, som gamle tog og liknande, men når valet står mellom noko så samfunnsøkonomisk gunstig og sjeldant som ein skikkeleg sykkelveg og ein liten del av ein rullande anakronisme utan praktisk verdi, så bør svaret seie seg sjølv. Det er til samfunnets beste. I tillegg er det sikkert fint å sykle der.

«Dette er ein svært spektakulær strekning, med tunnelar, bratte murar og djupe skjeringar. (…) Det er akkurat dette turistene kjem for å sjå.»

Turistane. Folk er for glade i gamle ting og turistar her i Bergen.

Eg avsluttar med ein kommentar under denne artikkelen frå ein brukar som kallar seg «telle»:

Hva i alle dager skal vi med en gammaldags jernbane som ligger brakk der da. De færreste av oss har noen forhold til denne og bryr oss ikke det spor om denne. For de av dere som elsker en gammel jernbane så høyt, få dere en garasje og leke i.

La oss få trygge og miljøvennlige sykkelveier som gjør at våre dagens Bergensere kan trygt og effektivt ferdes i Bergen og omegn.

Hadde det vært snakk om kun noen få kvadrat , kunne helt sikkert gamlisene og tognerdene få holdt på,men dette er snakk om ganske så mange kvadrat av vårt felleseie. Jeg foreslår det blir brukt til noe som kommer felleskapet tilgode og ikke kun nostalgikerne.

Forøvrig…vi har togbane på nesttun, vi trenger ikke en til der. Iallefall ikke en som forurenser….

Er dette drømmetraséen?

Posted in bloggpost on August 30th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Er dette drømmetraséen? Spør BT, og viser til den nyleg utbygde sykkelvegen ved Dolvik. Svaret er nei. Det er jo positivt at det fins politisk vilje, men evne til fornuftig gjennomføring manglar. Når ein ser kor mykje ressursar dei har brukt på hovudvegen er det ikkje mykje å skryte av; det er snakk om ein tovegs oppmerka del av ein kombinert gang- og sykkelsti, liknande det ein har prestert i Solheimsviken. Dette burde vera eit pinleg minimumsnivå av tilrettelegging. Det er også her typisk nok slik at sykkelvegen blir avspist med meir små og store bakkar og ujamnheiter i terrenget, og gjerne også meir svingete trasé og tallause, tilsynelatande umotiverte kryssingar av hovudvegen, sidan det ikkje fins sykkelveg på begge sider av denne. Du blir fort lei av å sykle på sida av ein fin, rett veg når tilhøva er slik, særleg om du skal ein stad og ikkje berre syklar for moro skuld. Det kan ikkje akkurat kallast ein ekspressveg når han går i sikksakk, og må over fleire fotgjengarovergongar, slik som i Solheimsviken.

Eg skjønar ikkje logikken til dei som meinar det er mindre viktig at sykkelvegar er flate enn at andre vegar er det. Dersom ein ikkje har råd til å bygge to skikkelege traséar er det faktisk betre å lage eit sykkelfelt i hovudvegen, til trass for meir eksos og støy. Det verkar dessutan ikkje å ligge nokon standardmal bak utbyggingane. Dårleg eller manglande skilting og merking går igjen, ingenting heng saman, og løysingane er ulike frå stad til stad; det fins ikkje noko logisk system ein kan følge. Det verkar rett og slett ikkje som om dei nye sykkeltraséane blir laga for å få fleire til å sykle, men berre for å få det til å sjå ut som om det er tilrettelagt.

Sjå for øvrig mi skildring av sykkeltraséen ved Solheimsviken.

Sykkeldebatt i BT/Aftenposten

Posted in kommentar on August 27th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Brukardebatten i BT/Aftenposten etter at eit barn vart påkjørt av ein syklande på gong- og sykkelstien ved Midttun er nådelaus overfor «desse syklistane», som vi heiter blant dei som køyrer bil. Eg reknar for øvrig med at dei fleste som brukar denne generaliseringa også sjølv har vore syklande trafikantar ein eller annan gong, men det å vera «syklist» er visst noko anna; det er ein sinnstilstand, eller kanskje ein slags hjerneskade. Det virkar også som om BT har ein eller annan agenda på området, og det er ikkje å gjera situasjonen betre for dei syklande, sjølv om dei skal ha kudos for ein oppfølgingsartikkel med lokkallagsleiaren i Syklistenes Landsforening (der eg for øvrig også er medlem).

Ein som kallar seg «Sigurd Syklist» oppsummerer i ein kommentar under denne artikkelen:

Når jeg leser gjennom denne saken sitter jeg igjen med følgende inntrykk:
Intetanende syklister som ikke slipper ut andre klimagasser enn det kroppen selv produserer er på vei til jobb i sentrum på det de oppfatter som en skiltet eksklusiv sykkelvei i nokså normalt tempo på 20 km/t.

På sykkelveier av denne art regner også jeg med å ferdes på syklistenes premisser, og jeg finner støtte for det for eksempel på wikipedia, se
[no.wikipedia.org] – sitat: ” Sykkelvei er en egen vei beregnet for syklister. For å kalles sykkelvei må veien være separat fra andre typer trafikanter, motoriserte såvel som mer myke trafikanter, fotgjengere.”

En politipatrulje, ”shanghaiet” av bt.no for å skape litt futt på sitt diskusjonsfora, har funnet ut at de kan avsnevre sykkelveien ved å parkere motorsykler og biler tett opp til et gangfelt og sammen med en fartsmåler midt i veien for å framprovosere skumle situasjoner – selvsagt lykkes de. Poenget er at verken BT eller politipatruljen burde vært nettopp der – og fotgjengerne bør ferdes på syklistenes premisser så lenge de beveger seg på veier eksklusivt skiltet for syklister.

Det er alle andre enn syklisten som fortjener en alvorsprat i dette tilfelle, for å si det sånn.

Både bilister, gående og syklister har livets rett, jeg har ingen problem med å identifisere meg med alle og kan skifte identitet og lojalitet mellom dem like kvikt som jeg skifter sko.

Jeg må likevel tilstå at jeg oppfatter sykkelfeltene rundt omkring i Bergen sentrum som en parodi – Michael Krohns gate, Lars Hillesgt. Danmarksplass osv Kanskje BT heller kunne forsøke å gjøre litt nytte for seg og finne ut av hvordan 1000-vis av syklister ventes å oppføre seg når sykkelfeltet er ca. 40 cm bredt, avløses av et busstopp i ca 30m eller bare tørker bort i lufta for noen hundre meter?

Jusprofessor og syklist Olav Torvund har vore innom den same saka, både i media og på bloggen sin.

Eg seier meg i stor grad einig. Det er ingen som seier at vi syklande er perfekte; eg ser stadig vekk manglande lys, ringeklokker og pedalrefleksar. Det er merkeleg mange som syklar på fortauet, truleg av di sykling og gåing tradisjonelt er blitt blanda saman frå det offentlege si side, og du treng ikkje lommelykt for å på fortauet, så kvifor skal du trenge lys for å sykle der? For at syklande skal kunne utvikle ein felles trafikkultur må sykkeltrafikken ha eigne traséar, i det minste i dei mest trafikkerte områdene. Først når det er i orden blir sykkelen eit seriøst transportmiddel i byane.

Dokumentasjon av novembersk tomheit

Posted in bilete on November 11th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Klikk og bla:

Torsdag-7
Mann som slår graset i november.

Torsdag-10
Turistar som ser på informasjonstavle.

Torsdag-6
Raud minibuss parkert bak eit kratt.

Torsdag-3
Tom taxiholdeplass.

Torsdag-2
Eit hotell.

Rådhuset-1
Dam utanfor rådhuset.

Svart/kvit dag i dag

Posted in bilete on November 5th, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

Tilrådd soundtrack: Barber/fiolinkonsert, op. 14 (Spotify). Klikk på bildene.

Festningen-3

Festningen-1

Torsdag-9