Raring på tog
Eg har ei lita, svart bok (eller snarare tre stykker) som eg noterer små idéar og interessante hendingar i når eg er ute. Dermed kan eg hugse dei betre seinare. Her om dagen kom eg over ei side som eg hadde notert medan eg sat på toget i
Austerrike for omtrent tre månader sidan. Eg trur vi var på veg frå Wien til Bern. Ovanfor meg sat ein mann som eg først tok for å vera italienar, på grunn av den kvite skjorta, dei italienske moteskoa og krossen han hadde rundt halsen, men så såg eg på flylappen hans at han hadde floge frå Sofia. Då eg snakka med han seinare fekk eg bekrefta at han var ein veteranbilhandlar frå bulgaria, og at eg ikkje hadde mykje peiling på bil.
Eg sit altså på toget og ventar på at det skal gå (kva er no eigentleg det for ein ting å vente på) medan eg observerer denne fyren, som eg tenker at eigentleg ser litt kriminell ut – mykje på grunn av det tettbarberte håret og den nervøse måten han ellers ter seg på. Etter lenge berre å ha veksla mellom å sitte i ro, drikke vatn og stå i gongen tek han ned bagen sin, set seg ned og dreg ut ein plastpose. Frå den dreg han ut eit blad – eit bilblad – og studerer framsida omhyggeleg og lenge, før han blar litt kjapt i det, rynker panna og legg det attende.
Etter eit halvt minutt tek han fram eit nytt blad og gjer nøyaktig det same. Så tek han fram mange ark som ser ut som om dei er printa ut frå internett – desse er det bilete av ulike bilar på med litt tekst. Han ser litt på desse og legg så fort alt attende før han tek ut ei pakke med skinkepålegg. Denne granskar han også svært nøye og lenge, men legg til slutt også den attende. Etter det tek han fram ei pakke med salami som han også studerer svært lenge, med kritisk blikk. Han legg ikkje denne attende, men tek fram eit oppskore brød, åpnar posen og tek ut ei skive, som han så legg på posen han har på fanget sitt.
Det å få opna salamipakken er visst ingen spøk, og han strevar ei god stund med det, men tek til slutt tennene til hjelp og lukkast. Etter at han endeleg har fått opp pakka brukar han utruleg lang tid på å fingre nedi ho utan å få tak i så
mykje som ei skive av pølsa – dette gir han faktisk opp og forsøker i staden å helle pølseskivene ut av pakken – dette fører til at alt innhaldet sklir ut på skiva som ein komplett slik skråbunke som dei kjem i. Dette er mykje salamipølse, og mannen vurderer å dele bunken i to (gjer eit tafatt forsøk), men så ser det ut som om han tenker “skitt la gå” og slenger berre ei skive til oppå heile stasen før han set tennene i det.
Eg har aldri sett ei så omstendeleg tilbereding av eit så traurig smørbrød, men eg snakka etterpå lenge med mannen og han viste seg å vera ein svært sympatisk type.
[...] Her er ei anna anekdote, om ein togtur. Filed under: bloggpost | Tags: anekdote, reise, transport [...]