Jazz-ekstra
Eg må innrømme at eg ikkje har kjøpt musikk medan eg har hatt Spotify, men i går skjedde det for første gong då mi nye favorittgruppe, Portico Quartet, kom ut med albumet Isla.
Det er tydelegvis ei litt smal utgjeving på eit lite plateselskap, men eg fann det hos
. Omslagsbiletet er fantastisk; eg skulle nesten ønske eg hadde kjøpt plastskiva i staden.
Når det gjeld musikken har den eit musikalsk språk som treff meg midt i magen. Det må eigentleg berre høyrast. Albumet Knee Deep in the North Sea skal vera tilgjengeleg på Spotify, om ikkje eg har slite det ut enno. Ellers kan nok YouTube by på smakebitar.
Den litt magiske lyden som du ikkje heilt klarar å plassere kjem truleg ifrå hang-tromma, som er eit nytt instrument av det siste tiåret. Her er ein fascinerande videodemonstrasjon frå ein annan kar: