Norsk pop er ein vits

Av ein eller annan grunn er det i Norge slik at kjedeleg popmusikk framført på dårleg engelsk er normen. Det er ikkje til å komme unna at den mest populære musikken ofte er dørgande keisam, men kvifor attpåtil på engelsk? Det har alltid vore slik, og eg har alltid lurt på det. Er det The Beatles si skuld?

Med unntak av A-HA, er det få engelskspråklege suksesshistorier i norsk popmusikk. Dei fleste nordmenn som syng på engelsk kan umogleg gjera det av di dei har eit stort publikum i utlandet, og det ville uansett vore ein særs dårleg grunn til å bytte språk. Norsk black metal klarar seg til dømes utmerka på norsk i utlandet — atskillig betre enn popmusikken vår gjer på engelsk.

Det er få ting eg kjedar meg grundigare ihjel over enn ein middelmådig norsk singer-songwriter som syng på engelsk.

  1. Knut says:

    Nei, det har ingenting med Beatles å gjera. Men med austlandsk, Oslo-mål, bokmål. Dette ein kallar “norsk” – og som alle synest høyrest så dumt ut. Men Noreg er heldigvis større enn Austlandet – og det finst andre mål enn bokmål. Trønderdialekt, til dømes. Og Stavanger-dialekt, som er skikkeleg rocka (og også vart kåra til Noregs mest sexy dialekt for nokre år sidan). Gå på Spotify og leit opp album som Ta ein kjangs og Ska det ver så ska det ver – så finn ein snart ut kor smidig og tøff Stavanger-dialekten er som sangspråk. For ikkje å nemna Kaizer’s. Det duger – like bra som engelsk og svensk. Men austlands-bokmål? Nei, heller engelsk.

  2. Mads (admin) says:

    Men trønderar som DumDum Boys har jo gjort suksess med å synge på austlandsdialekt! Ellers er det jo berre å nevne Jokke & Valentinerne, DeLillos og Raga Rockers. Stavangersk er sikkert fint det, men eg kjem i grunnen berre på Ingenting derfrå.

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply