Anna Odell dømt

Anna Odell er kunstnaren som spelte psykisk sjuk og vart tvangsinnlagt. Som følge av at ho ikkje var sjuk på ordentleg vart det rettssak og dom.

Eg har ikkje sett det opprinnelege verket i sin heilskap, berre lese om det i aviser set nokre snuttar og eit kort videointervju med kunstnaren. Det som slår meg er at problemet først oppstår når ho trer ut av rolla. Dersom ho hadde spelt seg frisk igjen ville vi ikkje hatt noka rettssak. Eg veit ikkje så mykje om korleis det er å vera psykisk sjuk, men har inntrykk av at det i somme tilfelle kan kreve litt speling dersom ein skal bli teken på alvor. Kva ellers har eigentleg psykiatrien å gå etter?

Eg lurer også litt på kva som hadde skjedd dersom ho hadde gått ut av rolla då dei kom for å hente henne. Dersom ho, like etter at dei greip tak i armane hennar og byrja å slepe henne mot bilen, ville slutta å gjera motstand for så å sei «Stopp! Eg berre tulla.».

Men sjølv om det skapar tankar rundt skilnaden på galskap og normalitet, i tillegg til å vise fram korleis tvangsinnlegging fungerer i praksis (det kan og må nødvendigvis bli eit slags overgrep), så er eg usikker på om eg får noko meir ut av det opprinnelege verket.

Meir interessante er då reaksjonane som kjem mot Odell: argumentet er at det burde straffe seg å kaste vekk offentlege ressurser på å berre spele sjuk. I dette tilfellet også å sløse vekk offentlege middel på kunst. Dette skal visstnok tilsvare SEK 12 350,- . Det offentlege reagerer med å bruke meir pengar på å arrangere ei rettssak som resulterer i ei bot på berre SEK 2500,- .

  1. hege lystad says:

    men inge sier noe om hvordan hun opplevde å være innlagt…Så hva var poenget egentlig?

  2. Mads (admin) says:

    Eg trur ikkje det har vore meininga å demonstrere eit konkret poeng, men snarare å synleggjere/problematisere psykisk sjukdom, som kunstnaren jo hadde tidlegare erfaringer med.

  1. There are no trackbacks for this post yet.

Leave a Reply