Spektakulære greier
NRK melder om meksikanaren Juan Gutierrez, som har flytta til Telemark for å lære seg nynorsk. Kunnskapen skal han bruke til å omsetje Fuglane til spansk, noko han trur vil ta tre år. Det er ein fascinerande idé at denne mannen skal bu i Vinje og syge til seg nynorskkultur for så å bruke årevis på å omsetje denne boka. Forlaget må jo forvente enorme sal. Er Vesaas verkeleg så populær i den spanske verda? Ein annan ting er at utlendingar som med viten og vilje vel nynorsk er så spektakulære saker at det må meldast om i media kvar gong. Det fins til dømes også nokre kinesarar som har lært seg språket.
Relaterte:
Eg–son av villmarka
Tags: nynorsk, Tarjei Vesaas

Dette er bloggen til
Mads (admin)