Eit fullført fotoprosjekt
Arild utfordra meg for om lag ein månad sidan til å delta i Solo Photo Book Month. Reglane er enkle: du skal lage ei fotobok med minimum 35 bilder, og har ein månad til fotografering og layout. Ikkje ulikt National Novel Writing Month, med andre ord — poenget er å fullføre.
Eg tok utfordringa og meldte meg på. Idéen min gjekk rett og slett ut på å klatre i tre — noko eg uansett hadde planar om å gjere — og her er resultatet (*.pdf, 15MB):
(Standardvisning er dobbeltsidig med start på høgre side, men det er ikkje sikkert det blir riktig på Mac)
Relaterte:
Kort anekdote om ein gratistur på bussen,
Konsertfoto: Zappa plays Zappa,
Eg lappa meg til blods
Tags: fotografi, sofobomo, solo photo book month


Dette er bloggen til
Mads (admin)
juni 20th, 2009 at 15:18
For ei staselig bok! Visninga blei ikkje rett på mac, men dog.
Og for ein skam at eg ikkje hadde fått med meg detta litt før.
juni 20th, 2009 at 17:05
Takk for det! Eg gløymte jo å utfordre deg, men det kjem ein ny til neste år. Det var faktisk litt lærerikt, sjølv om det berre er ei heilt enkel eBok.
Ellers fann eg ut at Apple sitt Preview-program kan vise riktig, det berre vil ikkje.
juni 21st, 2009 at 23:23
Eg trykker på kudos-knappen! Imponerande at du gjennomførte. Skamfull må eg melde at eg ikkje var i nærleiken. Tenker å køyre ein pseudo-sofomobo seinare i sommar, når eg endeleg får samla meg.
juni 22nd, 2009 at 00:37
Arild: Takk for det, og takk for tipset. Eg valde eit ganske oversiktleg prosjekt, så det skulle vera enklare å gjennomføre. Eg får lyst til å gjera det igjen, kanskje med eit meir estetisk orientert prosjekt. Ellers er det vel kanskje like greit å vera langt unna når ein uansett ikkje fullfører. Ser fram til å sjå noko frå deg, om du kjører ein pseudo-variant.
Prosjektet er for øvrig direkte årsak til at ein engelskmann no har tenkt å byrja å klatre i tre, kunne han sjølv fortelje meg.
juni 22nd, 2009 at 23:02
Når du fortel om engelskmannen blir eg enno gladare i nettet, og det er ikkje heilt sunt. Eg skal prokrastinere ei stund til, og så smelle ihop ei bok.