kommentar

Sykkeldebatt i BT/Aftenposten

Posted in kommentar on August 27th, 2010 by Mads (admin) – Be the first to comment

Brukardebatten i BT/Aftenposten etter at eit barn vart påkjørt av ein syklande på gong- og sykkelstien ved Midttun er nådelaus overfor «desse syklistane», som vi heiter blant dei som køyrer bil. Eg reknar for øvrig med at dei fleste som brukar denne generaliseringa også sjølv har vore syklande trafikantar ein eller annan gong, men det å vera «syklist» er visst noko anna; det er ein sinnstilstand, eller kanskje ein slags hjerneskade. Det virkar også som om BT har ein eller annan agenda på området, og det er ikkje å gjera situasjonen betre for dei syklande, sjølv om dei skal ha kudos for ein oppfølgingsartikkel med lokkallagsleiaren i Syklistenes Landsforening (der eg for øvrig også er medlem).

Ein som kallar seg «Sigurd Syklist» oppsummerer i ein kommentar under denne artikkelen:

Når jeg leser gjennom denne saken sitter jeg igjen med følgende inntrykk:
Intetanende syklister som ikke slipper ut andre klimagasser enn det kroppen selv produserer er på vei til jobb i sentrum på det de oppfatter som en skiltet eksklusiv sykkelvei i nokså normalt tempo på 20 km/t.

På sykkelveier av denne art regner også jeg med å ferdes på syklistenes premisser, og jeg finner støtte for det for eksempel på wikipedia, se
[no.wikipedia.org] – sitat: ” Sykkelvei er en egen vei beregnet for syklister. For å kalles sykkelvei må veien være separat fra andre typer trafikanter, motoriserte såvel som mer myke trafikanter, fotgjengere.”

En politipatrulje, ”shanghaiet” av bt.no for å skape litt futt på sitt diskusjonsfora, har funnet ut at de kan avsnevre sykkelveien ved å parkere motorsykler og biler tett opp til et gangfelt og sammen med en fartsmåler midt i veien for å framprovosere skumle situasjoner – selvsagt lykkes de. Poenget er at verken BT eller politipatruljen burde vært nettopp der – og fotgjengerne bør ferdes på syklistenes premisser så lenge de beveger seg på veier eksklusivt skiltet for syklister.

Det er alle andre enn syklisten som fortjener en alvorsprat i dette tilfelle, for å si det sånn.

Både bilister, gående og syklister har livets rett, jeg har ingen problem med å identifisere meg med alle og kan skifte identitet og lojalitet mellom dem like kvikt som jeg skifter sko.

Jeg må likevel tilstå at jeg oppfatter sykkelfeltene rundt omkring i Bergen sentrum som en parodi – Michael Krohns gate, Lars Hillesgt. Danmarksplass osv Kanskje BT heller kunne forsøke å gjøre litt nytte for seg og finne ut av hvordan 1000-vis av syklister ventes å oppføre seg når sykkelfeltet er ca. 40 cm bredt, avløses av et busstopp i ca 30m eller bare tørker bort i lufta for noen hundre meter?

Jusprofessor og syklist Olav Torvund har vore innom den same saka, både i media og på bloggen sin.

Eg seier meg i stor grad einig. Det er ingen som seier at vi syklande er perfekte; eg ser stadig vekk manglande lys, ringeklokker og pedalrefleksar. Det er merkeleg mange som syklar på fortauet, truleg av di sykling og gåing tradisjonelt er blitt blanda saman frå det offentlege si side, og du treng ikkje lommelykt for å på fortauet, så kvifor skal du trenge lys for å sykle der? For at syklande skal kunne utvikle ein felles trafikkultur må sykkeltrafikken ha eigne traséar, i det minste i dei mest trafikkerte områdene. Først når det er i orden blir sykkelen eit seriøst transportmiddel i byane.

Snåsavin med helsebringande effekt

Posted in kommentar on February 3rd, 2009 by Mads (admin) – 5 Comments

Å SELGE «SNÅSAVATN» på flaske er riktignok ein god idé, men eg har ein betre: «Snåsavin». Snåsamannen tar som kjent ikkje betalt for kunstane sine, og det å gjera vatn til vin må vera av det meir trivielle ein slik mirakelmann føretek seg. Ei enkel handspålegging kan her auke både helbredande effekt og pris per flaske dramatisk. Det skuffar meg at prosjekt som får støtte frå Innovasjon Norge ikkje eingong har utnytta desse opplagte moglegheitene. I tillegg bør prosjektet si reklameavdeling definitivt arrangere ei «happening» der Snåsamannen ifører seg kvit kjortel og spankulerer over Snåsavatnet.

Dagens retoriske knep: ein felles stråmann

Posted in kommentar on January 22nd, 2009 by Mads (admin) – Be the first to comment

DET ER IKKJE UNDERLEG korleis vi gjerne ønsker å framstå som politisk korrekte og ha dei same meiningane. Eg har ei tid lese bloggen til ein som ikkje ønsker å bli oppfatta slik, språkprofessor Finn-Erik Vinje, og når han kritiserer namna til prinsesseborna er det difor ikkje heilt uforutsigbart kva nikkedukkene blant oss meinar. Eller Ari Behn, for den saks skuld—med Dagbladet som dukkeførar. Det blir for sjølvsagt.

DET ER UNDERFORSTÅTT kva som er stovereint å meine offentleg her. Som om folk flest ikkje sjølve har mora seg stort over desse namnevala kjem det no likevel eit lass av kommentarar som påpeikar det opplagte. Vi rakkar ned på dei som tør ha sine eigne meiningar slik at vi sjølve kan framstå som moralsk overlegne. Til og med når vi må sparke inn åpne dører for å komme i riktig posisjon—noko har då vi bloggarar lært av tabloidpressa.

EIN FELLES FIENDE er alt vi treng. Som til dømes denne gamle tullingen som sit og slenger drit om desse heilt smerteleg normale namna. Det blir som då eg for ei tid tilbake fann det for godt å kritisere julepresangar. Eg bur ikkje i eit kulturelt vaakum—sjølvsagt veit eg kva meiningar det fins alminneleg aksept for. Slikt lærer ein på skulen: alle er like flinke og like mykje verd, og alle julepresangar er like fine og så vidare. Sikkert lure tommelfingerreglar for den som vil bli populær, men er det noko spennande å skrive om då?

Det fins «ånder»

Posted in kommentar on November 7th, 2008 by Mads (admin) – 7 Comments

EG MÅTTE REVIDERE mitt verdsbilete då eg las at dei døde somme gonger ikkje skjønar at dei er døde. Mannen som først no har vald å dele denne ikkje heilt uvesentlege informasjonen heiter Knut Sørli, og han kan vidare fortelje dette:

«Ånder har vi alltid rundt oss. De som går igjen, har ikke skjønt at de er døde, eller de har noe de vil fortelle. Dermed lager de ubehag i et hus, ved å leke seg med elektriske apparater, flytte på møbler eller skape kald trekk. Folk kan også bli syke, ikke fordi åndene vil det, men fordi åndene påfører sin smerte på menneskene, sier Sørli.»

VI HAR ALTSÅ ALLTID desse «åndene», som han kallar det, rundt oss. Kor går eigentleg grensene for menneskeleg ignoranse når eg eit heilt liv har klart å sjå bort frå dette enkle faktum? Og når ein for berre tre tusen kroner kan bli kvitt desse åndene ved at Sørli gjennomfører ein «husrens». Kvifor har ikkje denne mannen fortalt meg dette før? Det er sikkert mange som først no forstår kva som har vore det verkelege problemet. Sjå til dømes denne fortvilte eineforsørgaren som har sendt inn spørsmål til nettmøtet med Sørli:

«3000 kroner for å rense huset… Jeg er alenemamma, og er helt sikker på at huset mitt er hjemsøkt! Har også veldig dårlig råd…
Er det mulig å betale på andre måter???»

ALLE BURDE ha like stor rett til å bli kvitt ånder, og eg meinar det bør vera staten si oppgåve å finansiere dette. Særleg når det er slik som han seier. At vi har dei, alltid, rundt oss. Rett nok seier han også at «[ikke] alle hus i Norge er hjemsøkt av ånder. Jeg vil anslå rundt én til to prosent», og eg forstår ikkje korleis han i det heile tatt kan «rense» dei dersom dei alltid er der. Men det er tydelegvis mykje eg ikkje forstår om desse tinga enno, så eg må ta tida til hjelp og lese meg litt opp dei neste månadene. Eg trur imidlertid no at eg forstår korleis dei som er religiøse opplever det å miste trua si. Eg føler det som om eg har levd på ein annan planet.

EIN BLOGGAR ved namn Martin Ystenes skriv også om saka, og har fleire gode poeng. Når det er slik at 1-2% av alle hus er heimsøkte, så er det fort gjort at desse havnar i ei juridisk gråsone når dei skal selgast.

«Renser folk husene sine for ånder først, eller underslår de viktige opplysninger? Nesten hvert 50. hus skulle være befengt, så her burde være mange potensielle klagesaker. Hvorfor er det ingen advokater som har kastet seg over en så lukrativ geskjeft?»

EIN GOD GRUNN til å tilrå eigarskifteforsikring er det i alle fall, for eg har aldri sett noko om dette i bustadsannonsene. Det burde vore pålagt å informere om slike ting når ein sel bustaden sin, I alle fall sidan det medfører ekstrautgifter inntil staten sørger for fri husrens til alle.

EG REAGERER forresten på Sørli sitt svar til ei kvinne som har spørsmål rundt eit hus som i henhald til denne nye informasjonen heilt innlysande er «heimsøkt», som han kallar det.

«har du lett etter rasjonelle forklaringer? Om du ikke finner noe rasjonell forklaring så ta kontakt med en husrenser»

KORLEIS KAN HAN svare slik? Åndeaktivitet må då vel vera ei fullstendig rasjonell forklaring! Her tykkjer eg han er nær ved å spre den misinformasjonen at ånder ikkje er verkelege. Eg leid sjølv av denne vrangførestellinga, så eg veit kor lett det er å sjå seg blind på sitt eige verdsbilete. Eg tykkjer ein mann i hans posisjon bør vera litt mindre uforsiktig med ordvala sine.

EIN ANNAN interessant sak som kom ut av nettmøtet med Sørli er poenget om kjærasteforhold på tvers av «andeverda». Ein innsendar ved namn Paul Aurstad skriv:

«Jeg har hatt ett spøkelse til kjæreste (…)»

DET FØRSTE som slår meg er korleis dette blir med tanke på ekteskapslova. No hadde ikkje denne Paul tenkt å halde fram forhaldet, men kva om dei ville gifte seg? Den nye ekteskapslova seier ingenting om spøkelser, og ho må jo då følgeleg oppdaterast ein gong til. Er det dessutan etisk forsvarleg at eit par der ein av partane er spøkelse får adoptere? Kva når dei skal kjøpe hus? Eg skjønnar at våre lovgivande myndigheiter har eit stort arbeid framfor seg.

Om å forstå eit kunstverk

Posted in kommentar on May 28th, 2008 by Mads (admin) – 8 Comments

EIN SVELTANDE HUND vart stilt ut i eit galleri av kunstnar Guillermo Vargas. Eg fekk først augene opp for saka då eg las denne artikkelen for nokre veker sidan, og ikkje minst kommentarane under han. Det er blitt eit utruleg effektivt kunstverk.

DRAPSTRUSLANE er så overveldande mange at eg knapt vil tru det. Folk ønsker ein sakte og smertefull daud over mannen etter å ha lese ein tabloid avisartikkel. Les for øvrig kor bra og nyansert kunstnaren svarar Dagbladet, som faktisk har laga ein rimeleg grei artikkel om temaet — til å vera tabloidavis, vel å merke. Det poppar likevel opp nettstader og Facebook-grupper som vil stoppe «monsteret» og «redde hunden». Det er på eit vis heilt utruleg at så mange millionar menneske kan bli så engasjerte over livet til ein gatehund. Internett gjer det mogleg.

Juanita Bermúdez, the director of the Códice Gallery, stated that the animal was fed regularly and was only tied up for three hours on one day before it escaped.[6][7] Vargas himself refused to comment on the fate of the dog,[7][5] but noted that no one tried to free the dog, give it food, call the police, or do anything for the dog.[5] Vargas stated that the exhibit and the surrounding controversy highlight people’s hypocrisy because no one cares about a dog that starves to death in the street. (Wikipedia d.d.)

DET ER REAKSJONANE og omfanget av dei som gjer dette til stor kunst i mine auger. Som eg nevnte ganske nyleg: «Dersom folk flest bryr seg med å diskutere korvidt noko er kunst eller ikkje — ja, så er det kunst». Objektet «hund» som ein modernistisk skulptur i eit galleri er kanskje ikkje kunst, så eg kan godt skjønne at dei som trur det ikkje forstår noko som helst. Det som er skremmande er imidlertid at lynsjestemninga i dette tilfellet minner meg om Fritzl-saka — begge menn blir kalt «monster». Alt ein kunstnar trong gjere for å oppnå dette var å flytte ein sveltande hund frå gata til eit galleri. Så enkelt at sjølv ein treåring kunne gjort det.