Korleis få Netflix i Norge

Posted in Uncategorized on January 22nd, 2012 by Mads (admin) – Be the first to comment

Etter å ha lese ein artikkel på NRKbeta har eg skaffa meg Netflix-konto. Den enklaste måten å gjera det på er å bruke Unblock-us. Netflix kan testast gratis i ein månad, medan Unblock-us kan testast gratis i ei veke. Det vil sei at oppsettet kan prøvast gratis i ei veke. Alt i alt for begge deler blir det mindre per månad enn det kostar for eit abonnement på MUBI, som er den einaste liknande tenesta som er tilgjengeleg i Norge. Eg har skrive om den tidlegare.

Skilnaden på MUBI og Netflix er først og fremst at MUBI framstår som å vera ei meir kuratert teneste, dei har kortfilmar, og dei har ikkje TV-seriar. MUBI er meir for filmkjennarar, eller kva ein skal kalle det. Netflix har imidlertid eit stor utval med mykje bredde, og det fins massevis av perler for den kresne filmelskar der som du ikkje finn på MUBI. Det fins også ting på MUBI som ikkje fins på Netflix, men det er ikkje så mykje. Sidan eg har brukt MUBI ei stund kjem eg no primært til å bruke Netflix framover, men eg utelukkar ikkje å bruke MUBI meir framover, sidan det også er ei veldig spennande teneste.

Poesiemne på Scoop.it

Posted in Uncategorized on January 22nd, 2012 by Mads (admin) – Be the first to comment

Som nevnt har ein vekentleg poesiblogg. Som eg også skriv der i dag, så har eg oppretta eit emne på Scoop.it om poesi. Det er ein lettvint og elegant måte å dele linkar på, der ein fungerer som ein slags kurator for eit tema. Sidan eg allerede kjem over ein masse linkar om temaet kostar det meg nærast ingenting å systematisere dei slik, og i tillegg hjelper tenesta meg med å oppdage nye ting. Ser ut som ein vinn-vinn-situasjon, så eg gir det eit forsøk.

Poesiblogg

Posted in Uncategorized on November 27th, 2011 by Mads (admin) – 1 Comment

Mi interesse for dikt har vakse opp og flyttar no ut. Den kan finnast på http://poesi.madsi.net/. Den nye staden er framleis relativt umøblert, men det vil balle på seg etter kvart. Eg har tatt det til meg som eit personleg prosjekt å sette meg ganske grundig inn i temaet, og ser på bloggen som eit slags formidlings- og eventuelt dialogprosjekt som eg kan ha i prosessen. Truleg vil det bli om lag ei oppdatering i veka.

 

Denne bloggen her vil forbli om lag slik han har vore, med komfortabelt få oppdateringar.

Fredagsdikt

Posted in Uncategorized on November 25th, 2011 by Mads (admin) – Be the first to comment

Eg køyrer til byen seint ein kveld for å leggja eit brev i posten

 

Det er ein kveld med snø. Hovudgata er tom.

Det einaste som rører seg er snøkvervlane.

Som eg lyfter loket på postkassa, bit det kalde metallet.

Eg likar einsemdi i ein slik snøkveld.

Eg køyrer litt rundt, vil sumla bort meir tid.

 

Av Robert Bly (Gjendikta av Olav H. Hauge)

 

Fredagsdikt

Posted in Uncategorized on October 14th, 2011 by Mads (admin) – Be the first to comment

(Frå Store hvite bok å se av Jan Erik Vold)

 

Vi kjenner ikke lukten

av vårt eget

lik.

Vi tror filmen

 

ruller uansett, hvilket

den

gjør. Det

er menneskene

 

i

salen

som

byttes ut.